Læreplan i matematikk fellesfag 2P-Y, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (MAT6-03)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Hovudområde

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Læreplanen gjev saman med anten fellesfaget 1P-Y eller 1T-Y generell studiekompetanse i matematikk.

Denne læreplanen er for elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram og dei som har fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse, og som ynskjer generell studiekompetanse.

Oversikt over hovudområda:

Fellesfag

Hovudområde

2P-Y

Tal og algebra i praksis

Statistikk og sannsyn

Funksjonar i praksis

Modellering

Tal og algebra i praksis

Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster. Med tal kan ein kvantifisere mengder og storleikar. Området tal omfattar både heile tal, brøk, desimaltal og prosent. Algebra i skolen generaliserer talrekning ved at bokstavar eller andre symbol representerer tal. Det gjev høve til å beskrive og analysere mønster og samanhengar.

Statistikk og sannsyn

Statistikk omfattar å planleggje, samle inn, organisere, analysere og presentere data. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. Å vurdere og sjå kritisk på konklusjonar og framstilling av data er ein sentral del av denne prosessen. I sannsynsrekning talfester ein kor stor sjanse det er for at ei hending skal skje.

Funksjonar i praksis

Ein funksjon beskriv endring eller utvikling av ein storleik som er avhengig av ein annan, på ein eintydig måte. Funksjonar kan uttrykkjast på fleire måtar, til dømes med formlar, tabellar og grafar. Funksjonar kan nyttast til å lage matematiske modellar av praktiske samanhengar. Hovudområdet funksjonar i praksis handlar om å bruke funksjonar til å beskrive og analysere situasjonar frå daglegliv og arbeidsliv.

Modellering

Hovudområdet modellering gjev eit overordna perspektiv på faget matematikk. Modellering er ein fundamental prosess i faget, der utgangspunktet er noko som verkeleg finst. Dette blir beskrive matematisk med ein modell som blir bearbeidd, og resultata av det blir tolka i lys av den opphavlege situasjonen.

Side 2 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!