Læreplan i arkitektur og samfunn – valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA5-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Arkitektur og samfunn

By- og stadutvikling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • gjere greie for historia til ein stad og beskrive tilpassing av bustadbygginga til natur og landskap
  • gjere greie for veksten av byane og kva dei har hatt å seie i historia
  • vurdere moglegheiter for fysiske endringar innafor eit gitt område og utarbeide forslag til forbetringar
  • visualisere arealbruk og infrastruktur gjennom teikning og digitale presentasjonar
  • beskrive særpreget til ein stad og byggje modellar tilpassa natur og fysiske omgivnader

Form, teknologi og funksjon

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • forklare korleis teknologiske nyvinningar og nye byggjeoppgåver har påverka utviklinga av arkitekturen i historia
  • visualisere storleikstilhøve og romdanning ved hjelp av menneskekroppen
  • utvikle konstruksjonar i ulike materiale
  • analysere og vurdere behov for ny utforming av rom ut frå funksjonskrav
  • bruke digitale verktøy, teikning og modellar ved studium av rom og kunne diskutere kvalitet og utføring

Miljø og klima

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • beskrive og eksemplifisere berekraftige løysingar i arkitekturen
  • gjere greie for korleis miljø- og klimautfordringar vil stille nye krav til eksisterande og framtidig utbygging
  • visualisere og gjere greie for korleis klimaendringar og vêrfenomen som ekstremvêr, havstiging og flom kan utfordre staden og landskapet
  • bruke teikning og digitale verktøy for å belyse lokale miljøutfordringar

Side 7 Av 8

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!