Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industriell skotøyproduksjon forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i faget industriell skotøyproduksjon inneber å drøfte faglege løysingar med skotøyoperatørar og andre faggrupper i bedrifta. Det inneber også å dokumentere utførte arbeidsoppdrag og utarbeide avviksrapportar.
Å kunne lese i faget industriell skotøyproduksjon inneber å forstå og bruke arbeidsinstruksjonar, manualar, produktdatablad og gjeldande lovverk. Det inneber også å forstå og bruke faglitteratur.
Å kunne rekne i faget industriell skotøyproduksjon inneber å gjere overslag over tidsbruk og kalkulere materialbruk. Det inneber også økonomiske utrekningar knytte til val av materiale og produksjonsløysingar.
Å kunne bruke digitale verktøy i faget industriell skotøyproduksjon inneber å utnytte digitale produksjons- og dokumentasjonsverktøy. Det inneber også å innhente, tilpasse og utveksle informasjon frå leverandørar.
Side 4 Av 7