Treningslære (IDR02‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I treningslære handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å tileigne seg kunnskap om fysiske og psykiske eigenskapar og om ernæring. Kunnskap om fysisk og psykisk helse gir høve til å ta ansvarlege livsval. Gjennom arbeid med faget får elevane kunnskap om rusmiddel og doping og om effekten desse stoffa har på folkehelsa.