Treningslære (IDR02‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Treningslære handlar om å forstå fysiske, koordinative, psykiske og sosiale eigenskapar. Faget gir elevane høve til å setje konkrete mål og til å planleggje og vurdere trening med vekt på helse og prestasjonsutvikling. Treningslære rustar elevane til å bidra i samfunnet ved å gi dei kunnskap om, forståing av og moglegheit til å tenkje kritisk over kva trening og livsstil kan bidra med i eit helseperspektiv. Faget gir elevane høve til å utvikle forståing av trening og helse som førebur dei til vidare utdanning og arbeid innanfor fagfeltet.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget treningslære skal bidra til å styrkje identiteten til elevane ved å bidra til sjølvtillit og motivasjon. At elevane tør å utforske, og at dei er medvitne om eigne val, er viktig for at dei skal kunne lære og oppnå forståing i faget. Gjennom faget vil elevane bli betre rusta til å ta reflekterte val når det gjeld trening, treningsplanlegging og eiga helse og prestasjonsutvikling. Faget treningslære skal gi elevane evne til å forstå, sjå samanheng i og vurdere informasjon og kjelder på ein kritisk og reflektert måte. Ved å undersøkje ulike kjelder får elevane teke i bruk kritisk tenking og etisk medvit, for å forstå samanhengane i faget.