Norsk og samfunnskunnskap – modulstrukturert opplæring for vaksne (GNS01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- reflektere over korleis tekstar framstiller møte mellom ulike kulturar
- lytte til andre, byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjonar
- bruke ulike kjelder på ein kritisk, sjølvstendig og etterretteleg måte
- kommunisere klart og forståeleg munnleg og skriftleg i yrkesrelevante sjangrar
- bruke relevant fagspråk til å presentere, gjere greie for og dokumentere faglege emne og arbeidsprosessar frå eige utdanningsprogram
- orientere seg i faglitteratur frå eige yrkesfagleg område for å finne, kombinere og vurdere relevant informasjon
- skrive tekstar med god struktur og tekstbinding og meistre teiknsetjing og rettskriving på hovudmål
- vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå tilbakemeldingar og faglege kriterium
- utforske korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og reflektere over korleis det gir seg utslag i forskjellige meiningar
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
- reflektere over utfordringar i samband med grensesetjing og drøfte ulike verdiar, normer og lover som gjeld kjønn, seksualitet og kropp
- reflektere over eigne digitale spor, utforske kven som har tilgang til spora, og drøfte korleis data og personopplysningar kan brukast eller misbrukast
- reflektere over likskapar og ulikskapar i kulturuttrykk, identitet og levesett innanfor og mellom majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie
- utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor
- reflektere over kva det inneber å vere medborgar, og samanlikne korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område
- vurdere årsaker til og tiltak som kan førebyggje rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar, og drøfte grensene for ytringsfridommen
- drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
- vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen norsk og samfunnskunnskap når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen norsk og samfunnskunnskap. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
