Dans i perspektiv (DAN03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter dans i perspektiv 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre, dokumentere og presentere koreografiske prosessar frå idé til ferdig resultat
- bruke ulike verktøy i koreografisk formgiving og beskrive intensjon og verkemiddel i koreografi
- utforske dynamikk og rørslekvalitetar gjennom improvisasjon
- undersøkje og beskrive lokale, regionale og samiske dansetradisjonar
- reflektere over formene, statusen og funksjonane til dansen i ulike samfunn og kulturar
- utforske og reflektere over korleis dans i fortida har forma dansekunst i samtida
- bruke ulike kjelder og reflektere over kvifor kjeldekritikk og kunnskap om opphavsrett i dans er viktig
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i dans i perspektiv 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker koreografiske verktøy i skapande arbeid med dans, åleine og i samarbeid med andre. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei stiller spørsmål, undersøkjer og analyserer formene, rollene og funksjonane til dansen i samfunnet i ulike perspektiv.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom oppgåver der elevane får eksperimentere og reflektere i praktisk skapande og teoretisk arbeid med dans. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i koreografi, danseanalyse og forståing av dans i ulike kontekstar, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utforske og uttrykkje seg kreativt gjennom dans, utvikle analytiske ferdigheiter og reflektere over dans som kunst- og kulturuttrykk.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter dans i perspektiv 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i dans i perspektiv 1 basert på kompetansen eleven har vist ved å utforske og beskrive koreografiske idear og prosessar, analysere dans som kunst- og kulturuttrykk og reflektere over dans i ulike kontekstar.