Bunadtilverkarfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne (BUN05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter bunadbruk og yrkesidentitet
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- analysere lokal og nasjonal bunadtilverkartradisjon og nytte historiske korrekte saumteknikkar i arbeid med bunader, skjorter og ytterplagg
- gjere greie for grunnprinsippa for rekonstruksjon av folkedrakter og mønsteravtak frå eldre plagg
- finne og vurdere informasjon for å drøfte faglege spørsmål og problemstillingar og utvise kjeldekritikk
- gjere greie for bunadsbruk og korleis bruken i dag tek vare på ein levande tradisjon
- undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen bunadbruk og yrkesidentitet når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen bunadbruk og yrkesidentitet. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i bunadbruk og yrkesidentitet. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
