Programområde for studieførebuande Vg3 innan medier og kommunikasjon - læreplan i lyd - valfritt programfag (MED5-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 4. mars 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Raske endringar i teknologi og samfunn fører til endring i korleis medieprodukt blir produserte, brukte og formidla i media. Det blir stadig fleire formidlingskanalar, og konkurransen om å fange interessa til publikum er blitt større. Dette stiller nye krav til spesialkompetanse hos yrkesutøvarar i medie- og kommunikasjonssektoren.

Opplæringa i valfritt programfag lyd skal vidareutvikle praktiske evner og kunnskap om lydproduksjon i ulike sjangrar til ulike medieprodukt. Valfritt programfag lyd skal gi kunnskap om kva for verkemiddel som blir brukte i media for å påverke haldningar, kjensler og handlingar, slik at denne kunnskapen kan brukast i eigne produksjonar. Opplæringa skal vidareutvikle evna til å arbeide i samsvar med gjeldande etiske og juridiske normer og reglar. Opplæringa skal medverke til å dekkje behovet for teknologikunnige, kreative og reflekterande yrkesutøvarar som kan vere med på å finne løysingar på nye og skiftande utfordringar innan lydproduksjon.

Opplæringa i valfritt programfag lyd skal vere relevant for ulike medieyrke. Valfritt programfag lyd skal fremme sjølvstendig tenking og samarbeid med andre faggrupper i mediebransjen. Programfaget dannar grunnlag for yrkesutøving og høgare utdanning.

Struktur

Valfritt programfag lyd er samansett av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3

Lydopptak

Arbeid med lyd

Hovudområde

Lydopptak

Hovudområdet omfattar design, opptak og miksing av lyd i ulike miljø og for ulike sjangrar og bruksområde. Det gjeld å forstå korleis akustikk, støyforhold og lydkjelder påverkar val og oppsett av utstyr.

Arbeid med lyd

Hovudområdet omfattar tilarbeiding av lyd for å forsterke uttrykket og sluttføre ein produksjon. Det omfattar oppøving av kreative evner i bruk av teknologi, utstyr og programvare. Det inngår vidare å planleggje, lage, vurdere og dokumentere lydproduksjonar etter yrkesfaglege standardar og i samsvar med etiske normer og gjeldande regelverk. Hovudområdet dekkjer også det å bruke uttrykkshistoria for å utvikle eit eige uttrykksregister.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Valfritt programfag lyd 140 timar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I valfritt programfag lyd forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i valfritt programfag lyd inneber å gjere greie for etiske og estetiske problemstillingar knytte til medieprodukt. Det handlar også om å kommentere og vurdere eigne og andre medieprodukt ved hjelp av fagterminologi. Det inneber også å skrive variert og presist og kvalitetssikre eige arbeid.

Å kunne lese i valfritt programfag lyd inneber å lese, tolke og forstå kva for rolle lyd speler i samansette tekstar av ulik kompleksitet og innan ulike sjangrar i ulike medium.

Å kunne rekne i valfritt programfag lyd inneber å kunne setje opp ein produksjonskalkyle og forstå og bruke prinsippa for filstorleikar og kompresjonsteknikkar.

Å kunne bruke digitale verktøy i valfritt programfag lyd inneber å lage og arbeide vidare med lyd og multimedieprodukt ved hjelp av digitale verktøy og å bruke slike verktøy i publisering av medieprodukt. Det inneber også å bruke slike verktøy til å søkje etter og utveksle informasjon.

Kompetansemål

Lyd

Lydopptak

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere fleirsporsopptak og miksing av lyd live og i studio
  • lage lydopptak med forskjellige typar mikrofonar og mikrofonoppsett i ulike akustiske miljø ute og inne
  • bruke og drøfte ulike uttrykk frå tidlegare tider som inspirasjonskjelde for eigne lyduttrykk
  • gjere opptak av eigenproduserte effektlydar til fiksjonsproduksjonar og vurdere korleis lyden påverkar opplevinga
  • kople opp utstyr for opptak og miksing av lyd
  • forklare prinsipp for lydopptak til surroundlydformat

Arbeid med lyd

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere lydproduksjonar tilpassa ulike medium
  • utforske og bruke forteljeteknikkar og dramaturgi i eigne lydforteljingar
  • kunne setje eigne lyduttrykk inn i ein uttrykkshistorisk samanheng
  • forsterke ein bodskap ved bruk av lyddesign og vurdere korleis lyden påverkar opplevinga
  • planleggje og gjennomføre ein lydproduksjon innanfor faste rammer for tidsbruk og økonomi
  • drøfte eigen lydproduksjon i lys av uttrykkshistoria
  • gjere greie for signalgangen gjennom lydutstyret frå lydkjelda til mottakaren av ferdig distribuert lydprodukt
  • gjere greie for etiske normer og gjeldande regelverk med helse-, miljø- og tryggleiksføresegner og drøfte korleis desse er sikra i eigne og andre produksjonar
  • bruke presis og nyansert fagterminologi i dokumentasjon og vurdering av lyd
  • velje format for lagring og distribusjon av lyd og drøfte korleis vala påverkar kvaliteten på lydmaterialet
  • arkivere lyd for vidare bruk

Vurdering

Vg3 lyd

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Lyd

Eleven skal ha standpunktkarakter i dette valfrie programfaget.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Lyd

Eleven kan trekkjast ut til ein praktisk eksamen i dette valfrie programfaget. Eksamenen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Lyd

Privatisten skal opp til ein praktisk eksamen i dette valfrie programfaget. Eksamenen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!