Læreplan i industritekstilfaget, veving Vg3 / opplæring i bedrift (IVE3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Føremål

Industritekstilfaget, veving skal medverke til å utvikle fagarbeidarar til yrkesutøving i veveri og framstilling av nyskapande og tradisjonsrike produkt av høg kvalitet. Faget skal også vere med på å utvikle kvalitetsmedvit og kunnskap om ny teknologi og råvarer.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utviklar kompetanse i sikker handtering av vevemaskiner, utstyr, råmateriale og styringsverktøy. Vidare skal opplæringa fremme evne til sjølvstendig arbeid og evne til samarbeid med andre faggrupper.

Opplæringa skal leggje til rette for variert arbeid med maskiner og utstyr og gi trening i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av utført arbeid. Krav til helse, miljø og tryggleik skal inngå i opplæringa. Vidare skal opplæring leggje til rette for fagleg utviklings- og forbetringsarbeid og fremme forståing for effektiv og rasjonell produksjon.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagoperatør i veving.

Struktur

Industritekstilfaget, veving er samansett av tre hovudområde som utfyller kvarandre, og som må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Materiale og førebuing

Veveprosessen

Dokumentasjon og styring

Hovudområde

Materiale og førebuing

Hovudområdet omfattar mottakskontroll og dokumentasjon av råmateriale. Vidare omfattar det tilrettelegging for produksjon og handtering av materiale, mønster og bindingar. Ulike utrekningar inngår, og instruksar står sentralt i hovudområdet.

Veveprosessen

Hovudområdet omfattar handtering av maskiner og råvarer. Førebuing og renning er ein del av hovudområdet. Varespesifikasjonar, fargar, materialtypar, mønster- og vevekonstruksjonar høyrer også med. Vidare omfattar hovudområdet reingjering og vedlikehald, prosesskontroll og optimalisering. Iverksetjing av korrigerande og førebyggjande tiltak innan kvalitetssikring og helse, miljø og tryggleik inngår også.

Dokumentasjon og styring

Hovudområdet omfattar dei styringssystema bedrifta har for kvalitet, vedlikehald og helse, miljø og tryggleik. Registrering, rapportering og dokumentasjon høyrer også med. Hovudområdet omfattar kontrolltiltak, gjennomføring og oppfølging av planar.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industritekstilfaget, veving forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i industritekstilfaget, veving inneber å dokumentere, rapportere og registrere data og resultat. Det inneber også å drøfte faglege spørsmål og problemstillingar med kollegaer.

Å kunne lese i industritekstilfaget, veving inneber å forstå og følgje skriftlege instruksjonar, prosedyrar, planar, datablad, spesifikasjonar og teikningar.

Å kunne rekne i industritekstilfaget, veving inneber å gjere enkle utrekningar som gjeld garn og vev.

Å kunne bruke digitale verktøy i industritekstilfaget, veving inneber å rapportere og kommunisere via datasystem og å bruke måleinstrument.

Kompetansemål

Etter Vg3

Materiale og førebuing

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjennomføre mottakskontroll og utarbeide dokumentasjon av kvalitet på garn
  • oppbevare garn og utstyr i samsvar med instruksjonar
  • velje garn, utstyr, bindingar og mønster til veveoppgåver
  • gjere utrekningar for garn og vev
  • leggje til rette materiale og utstyr til produksjon

Veveprosessen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • setje opp i rennehekk og gjennomføre renning
  • gjere greie for korleis knyteprosessen verkar
  • gjere klar, trekkje fram og setje i gang vevemaskiner
  • gjennomføre bindings- og mønsterskifte på vevemaskiner og køyre vevemaskinene
  • gjere justeringar og optimaliseringar i samarbeid med ein stolstillar
  • kontrollere og vurdere kvalitet på vevd vare ut frå spesifikasjonar
  • identifisere og rapportere avvik og setje i verk førebyggjande og korrigerande tiltak
  • reingjere og drive vedlikehaldsarbeid på veveriutstyr i samsvar med instruksar
  • setje i verk tryggingstiltak på maskiner og utstyr i samsvar med instruksar

Dokumentasjon og styring

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utføre arbeidet i samsvar med gjeldande styringssystem og regelverk for helse, miljø og tryggleik
  • registrere, rapportere og dokumentere produksjon og kvalitet på produkt
  • handtere kjemikaliar etter instruksjonane i datablad
  • oppbevare og handtere reservedelar og utstyr i samsvar med instruksjonar
  • dokumentere utførte førebyggjande og korrigerande tiltak
  • drøfte faglege problemstillingar med kollegaer og andre faggrupper

Vurdering

Vg3 industritekstilfaget, veving

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Materiale og førebuing

Veveprosessen

Dokumentasjon og styring

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tre vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!