Læreplan i industrisaumfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ISM3-01)

Utgått


Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2023-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Industrisaumfaget skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan industriell saumproduksjon og framstilling av innovative og tradisjonsrike produkt. Faget skal medverke til å utvikle fagarbeidarar med kompetanse til å møte ein industri i utvikling. Vidare skal faget vere med på å sikre krav til helse, miljø, tryggleik og kvalitet.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utviklar kunnskap om avanserte prosessar, ny teknologi og nye råvarer. Vidare skal opplæringa fremme fagleg utvikling og fleksibilitet. Opplæringa skal også fremme evna til å ta sjølvstendige avgjerder og evna til å samarbeide med andre.

Opplæringa i industrisaumfaget skal leggje til rette for variert arbeid med utstyr, samanføyingsteknikkar og styringsverktøy. Opplæringa skal gi trening i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av utført arbeid. Vidare skal opplæring leggje til rette for fagleg utviklings- og forbetringsarbeid og fremme forståing for effektiv og rasjonell produksjon.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er industrisyar.

Struktur

Industrisaumfaget er samansett av fire hovudområde som utfyller kvarandre, og som må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Maskiner og utstyr

Materiale

Samanføying og mønsterkonstruksjon

Produksjon

Hovudområde

Maskiner og utstyr

Hovudområdet omfattar handtering av maskiner og utstyr. Omsyn til miljø-, kvalitets- og tryggleikskrav inngår i hovudområdet. Sentralt i hovudområdet er produksjon, hjelpeutstyr og verneutstyr. Hovudområdet omfattar også vedlikehald av maskiner og utstyr og førebyggjande tiltak.

Materiale

Hovudområdet omfattar handsaming og kontroll av materiale. Vidare omfattar det kva eigenskapar og oppbygging materiala har, og kva evne dei har til å gi ønskt produktkvalitet. I tillegg omfattar hovudområdet utnytting av materiale og råstoff.

Samanføying og mønsterkonstruksjon

Hovudområdet omfattar bruk av mønsterdetaljar og ulike samanføyingsmetodar. Vidare omfattar hovudområdet bruk av tilskjeringsmetodar, merkjemetodar og kvalitetskontroll av ferdig sydde produkt. Samarbeid og kommunikasjon inngår også i hovudområdet.

Produksjon

Hovudområdet omfattar tilrettelegging og gjennomføring av produksjon. I tillegg dekkjer hovudområdet rapportering, kommunikasjon og dokumentasjon.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industrisaumfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i industrisaumfaget inneber å kommunisere om faglege løysingar med medarbeidarar på alle nivå og med leverandørar og samarbeidspartnarar.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i industrisaumfaget inneber å rapportere om produksjonen og produksjonsrelaterte hendingar og rapportere avvik. Det inneber også å dokumentere hendingar og leggje fram betringsforslag.

Å kunne lese i industrisaumfaget inneber å forstå og bruke arbeidsinstruksar, produktdatablad, gjeldande regelverk og faglitteratur.

Å kunne rekne i industrisaumfaget inneber å gjennomføre målingar og registreringar i samsvar med teikningar, skjema og standardar.

Å kunne bruke digitale verktøy i industrisaumfaget inneber å rapportere og kommunisere ved hjelp av datasystem.

Kompetansemål

Etter Vg3

Maskiner og utstyr

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • velje og klargjere maskiner og hjelpeutstyr i samsvar med produktbeskriving, krav til helse, miljø, tryggleik og krav til kvalitet
  • utarbeide ein produksjonsplan i samsvar med krav til logistikk og produksjonsflyt
  • halde ved like maskiner, hjelpeutstyr og verneutstyr i samsvar med instruksar og gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik

Materiale

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for oppbygginga og eigenskapane til materiala
  • vurdere og velje materiale til produksjon i samsvar med kvalitetskrav
  • kontrollere kvaliteten på materiale før samanføying
  • velje arbeidsmetodar ut frå eigenskapane i materiala
  • framstille leggbilete for optimal utnytting av materiale
  • handtere materiale i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik

Samanføying og mønsterkonstruksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • velje mønster og saumdetaljar i samsvar med spesifikasjonar
  • tolke og bruke merkjemetodar for samanføying av mønsterdelar
  • velje og bruke tilskjeringsmetode i samsvar med krav til kvalitet, effektivitet og tryggleik
  • bruke tekniske teikningar og arbeidsrettleiingar i samanføyingsprosessen
  • velje og bruke samanføyingsmetode med tanke på krav til kvalitet, effektivitet og tryggleik
  • drøfte faglege problemstillingar med kollegaer og andre faggrupper

Produksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • førebu og leggje til rette komponentar og utstyr for produksjon
  • utføre saumarbeid etter spesifikasjonar og produksjonsplanar
  • vurdere kvaliteten på eige arbeid og ferdig produkt og gjere framlegg om forbetringstiltak
  • leggje til rette for eige arbeid og utføre arbeidet i samsvar med gjeldande regleverk for helse, miljø og tryggleik
  • registrere, rapportere og dokumentere utført arbeid

Vurdering

Vg3 industrisaumfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Maskiner og utstyr

Materiale

Samanføying og mønsterkonstruksjon

Produksjon

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tre vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!