Læreplan i industriell skotøyproduksjon - særløp Vg2 og Vg3 / opplæring i bedrift (ISK3-01)

Utgått


Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2023-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Industriell skotøyproduksjon skal medverke til å utvikle kompetanse til modellering, framstilling og montering av industrielt produsert fottøy. Utviklinga av industriell skotøyproduksjon i Noreg går i retning av nisje- og spesialproduksjon. Opplæringa skal derfor søkje å utvikle kompetente skofagoperatørar med evner til nyskaping og omstilling i takt med utfordringane dei møter gjennom stadige endringar i marknadskrava.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utvikle evne til å arbeide kvalitets- og miljømedvite med ulike materiale, produkt og produksjonsprosessar. Vidare skal opplæringa medverke til å vidareutvikle kreativiteten og formsansen hos lærlingen. Gjennom opplæringa skal lærlingen utvikle både evne til samhandling med andre yrkesgrupper og evne til å ta sjølvstendige avgjerder innanfor fagområdet sitt.

Opplæringa skal leggje til rette for at lærlingen utviklar ei brei fagleg forståing for industriell skotøyproduksjon på tvers av landegrensene. Det skal også leggjast til rette for at lærlingen får erfaring med nye metodar, materiale og produksjonsprosessar.

Fullført og godkjend opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er skofagoperatør.

Struktur

Industriell skotøyproduksjon er samansett av tre hovudområde som utfyller kvarandre, og som må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årstrinn

Hovudområde

Vg2 og Vg3 / opplæring i bedrift

Design og modellframstilling

Stansing og nåtling

Montering og finish

I tillegg skal lærlingane ha fellesfag etter føresegner som blir gitt av Kunnskapsdepartementet.

Hovudområde

Modellframstilling

Hovudområdet omfattar modellering av ulike typar fottøy med leistar og storleikssystem. Vidare omfattar hovudområdet bruksområde og konstruksjonsmetodar i samsvar med den oppbygginga og funksjonen foten har.

Stansing og nåtling

Hovudområdet omfattar framstilling og samansetjing av dei ulike delane av overlêret til ei ferdig nåtling. Vidare omfattar hovudområdet stansing, spalting, skjerfering, merking og polstring. Eigenskapane ved og kvaliteten på råvaremateriala er også ein del av hovudområdet.

Montering og finish

Hovudområdet omfattar pinning av overlêret over leisten og montering av sole i samsvar med dei metodane bedrifta bruker. Vidare omfattar det ferdigstilling og overflatebehandling. Merking, sortering og kontroll av produkta og kvalitetskrav er også ein del av hovudområdet. Førebygging av helseskadar ved bruk av maskiner og verktøy og ved handtering av materiale og kjemiske stoff høyrer med til arbeidet. Helse, miljø og tryggleik er ein del av hovudområdet.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industriell skotøyproduksjon forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i faget industriell skotøyproduksjon inneber å drøfte faglege løysingar med skotøyoperatørar og andre faggrupper i bedrifta. Det inneber også å dokumentere utførte arbeidsoppdrag og utarbeide avviksrapportar.

Å kunne lese i faget industriell skotøyproduksjon inneber å forstå og bruke arbeidsinstruksjonar, manualar, produktdatablad og gjeldande lovverk. Det inneber også å forstå og bruke faglitteratur.

Å kunne rekne i faget industriell skotøyproduksjon inneber å gjere overslag over tidsbruk og kalkulere materialbruk. Det inneber også økonomiske utrekningar knytte til val av materiale og produksjonsløysingar.

Å kunne bruke digitale verktøy i faget industriell skotøyproduksjon inneber å utnytte digitale produksjons- og dokumentasjonsverktøy. Det inneber også å innhente, tilpasse og utveksle informasjon frå leverandørar.

Kompetansemål

Etter Vg3

Modellframstilling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • teikne overlêrsmodellar og lage sjablongar ved hjelp av dei framstillingsmetodane bedrifta bruker
  • velje materiale og komponentar til framstilling av fottøyet i samsvar med spesifikasjonar og gjere greie for alternativ materialbruk
  • gjere greie for utviklinga innan materialbruk og framstillingsprosessar for fottøy
  • gjere greie for framstilling av skinn og lêr og korleis materiala påverkar kvaliteten på sluttprodukta
  • framstille prototypar
  • utføre arbeidet i tråd med kvalitetsstandarden i bransjen
  • gjere greie for korleis foten er bygd opp og fungerer, og kva dette har å seie for oppbygginga av fottøy
  • gjere greie for ulike konstruksjonsmetodar for fottøy
  • gjere greie for ulike leistetypar og storleikssystem

Stansing og nåtling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • velje og utnytte materiale i tråd med krava til kvalitet og lønnsemd i bedrifta
  • stille inn, bruke og vedlikehalde maskiner og utstyr i tråd med prosedyrane i bedrifta og gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
  • stanse ut delar i ulike materialtypar
  • spalte, skjerfere og merkje delar etter spesifikasjonar
  • setje saman overlêrsdelar i samsvar med ordrar og spesifikasjonar
  • gjere greie for fordelar og avgrensingar i samanstillingsmetodane sveising, liming og saum ved produksjon av fottøy
  • sy saman overlêr og fôr
  • leggje inn polstringar og forsterkingar
  • setje inn lukkemekanismar i samsvar med ordrar og spesifikasjonar
  • kontrollere og justere ei nåtling

Montering og finish

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje arbeidet og velje maskiner og verktøy for pinning og botning
  • montere bindsåle på leist
  • pinne overlêr og bindsåle til leist og gjere greie for ulike pinningsmetodar
  • montere på solar og gjere greie for ulike metodar
  • utføre arbeidet i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
  • velje produkt for overflatebehandling av ferdig fottøy og utføre behandlinga
  • sortere og kontrollere produkta etter kvalitetsstandarden i bedrifta
  • merkje produkta i samsvar med spesifikasjonar
  • velje emballasje og pakke produkta på ein forsvarleg måte
  • dokumentere utført arbeid i produksjonssystemet i bedrifta

Vurdering

Vg3 industriell skotøyproduksjon

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Modellframstilling

Stansing og nåtling

Montering og finish

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast over minst to vyrkedagar.

Før fagprøva må alle ha greidd eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamenen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!