Sal, service og reiseliv (SSR02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Ikke gyldig før 1.8.2026
Forklaring

Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for ulike merkevarer og utforske ulike marknadsstrategiar som bedrifter kan bruke
- gjere greie for samanhengen mellom ekstern, intern og interaktiv marknadsføring
- presentere eit produkt som representerer innovasjon og nyskaping, og gjere greie for kva rolle lønnsemd, klima og etiske forhold har spelt i utviklinga
- planleggje, gjennomføre og evaluere eit arrangement med tanke på lønnsemd, berekraft og sikkerheit
- utforske ulike reiselivsdestinasjonar og vurdere korleis reiselivsverksemd påverkar berekraftig utvikling
- utvikle og gjennomføre ei marknadsundersøking og bruke resultata i vidare arbeid
- planleggje og gjennomføre ein marknadsføringskampanje og presentere korleis forbrukaråtferda og medievanane til målgruppa er tekne omsyn til
- vurdere tiltak i salskanalar som kan fremje sal, meirsal og gjensal, og ta omsyn til dette i utviklinga av det indre og ytre salsmiljøet
- planleggje, gjennomføre og avslutte eit sal og vurdere salsprosessen med utgangspunkt i måloppnåing, kundeoppleving, og bruk av eigna salsteknikkar
- utvikle og presentere eit heilskapleg reiselivsprodukt og forklare korleis ulike aktørar samarbeider med og påverkar kvarandre
- skape opplevingar av og formidle forteljingar om norsk og samisk kultur, natur og geografi
- utforske og vurdere kva vertskapsrolla har å seie for ulike reiselivsaktivitetar
- reflektere over korleis kultur, verdiar og haldningar påverkar kommunikasjon mellom menneske, og ta omsyn til dette i yrkesutøvinga
- gjere greie for servicerolla og utforske korleis utøvinga av servicerolla må tilpassast ulike mottakarar i ulike situasjonar, og korleis måten rolla blir utøvd på, kan påverke omdømmet til bedrifter
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget kommunikasjon og marknadsføring når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget kommunikasjon og marknadsføring. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget kommunikasjon og marknadsføring ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget kommunikasjon og marknadsføring basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.