Vg3 salsfaget (SLG03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- presentere eiga verksemd med vekt på forretningsplan og reflektere over korleis berekraftsperspektivet er vareteke
- vurdere og nytte verkemidla, ressursane og moglegheitsrommet til bedrifta i marknadsføringa og i salet av ulike produkt
- presentere ei sjølvvald merkevare og velje strategiar for marknadsføring og sal
- utforske betydninga av service, produktkunnskap og forbrukaråtferd i kunderettleiinga og bruke dette til å tilpasse service og rettleie ulike kundegrupper på ulike salsplattformer
- utforske og presentere kva det inneber å respektere og forstå ulike kulturar, og ta omsyn til dette i møte med kollegaer, kundar og andre samarbeidspartnarar
- kalkulere prisar ut frå lønnsemdsbetraktningar og vurdere korleis bedrifta kan tilpasse prisstrategiar til ulike kundesegment
- vurdere salsprosessar og korleis dei ulike elementa bidreg til den heilskaplege kundeopplevinga
- bruke kundeoppfølgingssystema i bedrifta og vurdere korleis desse kan brukast i kampanjar og kundedialog og til å byggje kundelojalitet
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere marknadsføringskampanjar
- tilpasse kommunikasjonen og utøvinga av service til ulike arbeidssituasjonar og arbeidsplattformer
- følgje retningslinjer og lovverk og bruke lokalt handlingsrom i behandling av reklamasjon og klagar
- vurdere trendar og foreslå tiltak som fremjar lønnsemd og sikrar berekraft i ulike delar av ei verdikjede
- tolke og nytte budsjett og rekneskap for å analysere inntekts- og kostnadsfaktorar og foreslå tiltak som kan bidra til lønnsemd
- vurdere og gjennomføre tiltak som kan førebyggje, avdekkje og redusere svinn
- følgje rutinar for bestilling, mottak og dokumentkontroll
- reflektere over dei etiske retningslinjene og verdiane til bedrifta og følgje desse i ulike arbeidssituasjonar
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
- reflektere over kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv i salsbransjen
- utforske og presentere område og regelverk innanfor helse, miljø og sikkerheit og gjere greie for tiltak i bedrifta og for eiga rolle og eige høve til å medverke
- gjere greie for beredskapsplanane til bedrifta og eiga rolle i konflikt- og nødssituasjonar og gjennomføre førstehjelp
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 salsfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren og lærlingane skal vere i dialog om utviklinga til lærlingane i vg3 salsfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.
