Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå enkeltmenneske og fellesskapen i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt. Elevane utviklar kompetanse knytt til dei tverrfaglege temaa gjennom arbeid med problemstillingar frå ulike fag. Elevane skal få innsikt i utfordringar og dilemma innanfor temaa. Dei skal forstå korleis vi gjennom kunnskap og samarbeid kan finne løysingar, og dei skal lære om samanhengar mellom handlingar og konsekvensar.
Kunnskapsgrunnlaget for å finne løysingar på problem innanfor temaa finst i mange fag, og temaa skal bidra til at elevane oppnår forståing og ser samanhengar på tvers av fag. Måla for kva elevane skal lære innanfor temaa, er uttrykte i kompetansemål for fag der det er relevant.