Aktivitetslære (IDR01‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I aktivitetslære handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å fremje god fysisk, psykisk og sosial helse. Faget skal bidra til at elevane utviklar interesse for og opplever gleder over fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Faget skal òg bidra til at elevane opplever meistring og utviklar eit positivt sjølvbilete. Gjennom faget skal elevane tileigne seg kunnskap og erfaring som kan bidra til at dei varetek ei god helse i framtida.
Berekraftig utvikling
I aktivitetslære handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å fremje ein berekraftig livsstil gjennom ulike aktivitetar, opphald og turar i naturen. Elevane får utvikla naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.