Læreplan i matematikk fellesfag 2T-Y og 2P-Y, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (MAT6-02)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Hovudområde

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Det er to variantar av læreplanen i faget. 2T-Y-varianten er meir teoretisk orientert, medan 2P-Y-varianten er meir praktisk orientert. Begge variantane gjev saman med anten fellesfaget 1P-Y eller 1T-Y generell studiekompetanse i matematikk.

Denne læreplanen er for elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram og dei som har fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse, og som ynskjer generell studiekompetanse.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

2T-Y

Tal og algebra

Geometri

Kombinatorikk og sannsyn (bm.: sannsynlighet)

Funksjonar

Kultur og modellering

2P-Y

Tal og algebra i praksis

Statistikk og sannsyn

Funksjonar i praksis

Modellering

Tal og algebra

Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster. Med tal kan ein kvantifisere mengder og storleikar. Området tal omfattar både heile tal, brøk, desimaltal og prosent. Algebra i skolen generaliserer talrekning ved at bokstavar eller andre symbol representerer tal. Det gjev høve til å beskrive og analysere mønster og samanhengar. Algebra blir òg nytta i samband med hovudområda geometri og funksjonar.

Geometri

Geometri i skolen handlar mellom anna om å analysere eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og gjere konstruksjonar og berekningar. Ein studerer dynamiske prosessar som spegling, rotasjon og forskyving. Hovudområdet omfattar òg å beskrive plassering og forflytting i rutenett, kart og koordinatsystem.

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Statistikk omfattar å planleggje, samle inn, organisere, analysere og presentere data. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. Å vurdere og sjå kritisk på konklusjonar og framstilling av data er ein sentral del av denne prosessen. I sannsynsrekning talfester ein kor stor sjanse det er for at ei hending skal skje. I kombinatorikk arbeider ein med systematiske måtar for å telje opp moglege utfall for å kunne berekne sannsyn.

Funksjonar

Ein funksjon beskriv endring eller utvikling av ein storleik som er avhengig av ein annan, på ein eintydig måte. Funksjonar kan uttrykkjast på fleire måtar, til dømes med formlar, tabellar og grafar. Analyse av funksjonar går ut på å leite etter spesielle eigenskapar, som kor raskt ei utvikling går, og når utviklinga får spesielle verdiar. Funksjonar kan nyttast til å lage matematiske modellar av praktiske samanhengar. Hovudområdet funksjonar i praksis handlar om å bruke funksjonar til å beskrive og analysere situasjonar frå daglegliv og arbeidsliv.

Kultur og modellering

Hovudområdet kultur og modellering gjev eit overordna perspektiv på faget matematikk. Hovudområdet beskriv den logiske strukturen i faget og viser historia og den kulturelle rolla til faget. Modellering er ein fundamental prosess i faget, der utgangspunktet er noko som verkeleg finst. Dette blir beskrive matematisk med ein modell som blir bearbeidd, og resultata av det blir tolka i lys av den opphavlege situasjonen.

Side 2 Av 8

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!