Skule og bedrift kan ha ulike tradisjonar når det gjeld bruk av læreplanar, mål, vurdering og dokumentasjon. Grunnlaget for vurderinga er kompetansemåla i læreplanane, medan arbeidslivet kan i tillegg leggje større vekt på evne til å kommunisere, samarbeide, vere fleksibel og nøyaktig, og til arbeidsinnsats og orden. Slike tilbakemeldingar kan vere nyttige i undervegsvurderinga av elevane, men dei skal ikkje vere med i sluttvurderinga.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal vere læringsfremjande og byggje på dei fire prinsippa i Vurdering for læring, som seier at elevar, lærlingar og lærekandidatar lærer best når dei
- forstår kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei
- får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen
- får råd om korleis dei kan forbetre seg
- er involverte i eige læringsarbeid gjennom mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga utvikling
Under får du tips til korleis du kan praktisere dei fire prinsippa for undervegsvurdering i yrkesfagleg fordjuping.
Prinsipp 1
Elevar, lærlingar og lærekandidatar lærer best når dei forstår kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei.
Dette inneber mellom anna at
- eleven forstår føremålet med faget og relevansen
- opplæringa tek utgangspunkt i ståstad og bakgrunnskunnskap hos elevane
- eleven forstår relevante faguttrykk
- læringsoppdrag har tydelege vurderingskriterium og eventuelle sjekklister som er kjende for elevane tidleg i læringsprosessen
- kvar læringsøkt startar med å setje læringsfokus, og ho vert avslutta med utsjekk av kva eleven har lært
- læringsmåla vert fordelte på periodar og økter som gjev eleven oversikt over læringsarbeidet
Prinsipp 2
Elevar, lærlingar og lærekandidatar lærer best når dei får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen.
Dette inneber mellom anna at tilbakemeldinga
- tek utgangspunkt i omtalte kjenneteikn på måloppnåing/vurderingskriterium
- er konkret og beskriv kva som er bra og kvifor
- kjem mens elevane framleis arbeider med læringsmåla og før dei får eventuelle karakterar (karakterar kan skyggje for tilbakemeldingar)
Prinsipp 3
Elevar, læringar og lærekandidatar lærer best når dei får råd om korleis dei kan forbetre seg.
Dette inneber mellom anna at
- skulen/læraren har gode system og rutinar for fagsamtalar
- fagleg forbetring er i fokus – kva kan eleven gjere for å verte betre?
- tilbakmeldinga er mogleg å følge opp og bruke for det vidare arbeidet
- eleven forstår målet for opplæringa
- eleven forstår kvar ho/han står i høve til målet for opplæringa
- eleven forstår kva ho/han skal gjere for å komme vidare
Prinsipp 4
Elevar, lærlingar og lærekandidatar lærer best når dei er involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga utvikling.
Dette inneber mellom anna at elevane
- er involverte i utforming av mål og kriterium til arbeidsoppgåvene
- forstår læringsmålet/arbeidsoppgåva
- kan bruke kriteria/kjenneteikna som utgangspunkt for eigenvurdering
- har rutinar for å bruke logg eller tilsvarande som sikrar progresjon/eigenvurdering over tid
- kan bruke kvarandrevurdering
Døme på skjema for eigenvurdering (Word)
Kjenneteikn på måloppnåing – ein reiskap for undervegsvurdering
Sluttvurdering
Grunnlaget for sluttvurderinga er kompetansemåla i den lokale læreplanen. Elevane skal vere kjende med kva som vert vektlagt i standpunktkarakteren. I byrjinga av skuleåret bør lærarar/instruktørar og elevar jobbe med å få ei felles forståing av kva for kompetanse eleven skal oppnå. Det handlar om å avklare ambisjonar – kva siktar vi mot? Det handler også om å få oversikt over det store biletet – kva skal vi oppnå, og korleis skal vi jobbe for å kome dit?
Elevane bør difor erfare varierte arbeidsoppgåver som grunnlag for sluttvurderinga. Sluttvurdering i yrkesfagleg fordjuping vert dokumentert på vitnemålet med ein standpunktkarakter.