I samarbeidet mellom skule og bedrift vil det vere nyttig for alle partar å drøfte desse spørsmåla:
- Kva forventningar har skule og arbeidsplass til elevane og til kvarandre?
- Kva for arbeidsoppgåver kan eleven delta i på arbeidsplassen (må vere i samsvar med kompetansemåla for Vg3 og inngå i den lokale læreplanen)?
- Korleis kan skule og arbeidsliv verte samde om kriterium og metodar i undervegsvurdering?
- Korleis skal ein samarbeide om undervegsvurdering?
Fordeling av oppgåver og ansvar
Her ser du eit døme på fordeling av oppgåver og ansvar mellom skule og bedrift når elevane har opplæring i bedrift.
Planlegging
Skulen:
- lokal læreplan med vurderingskriterium og kjenneteikn på måloppnåing for sluttvurdering
Bedrifta:
- bidra i utviklinga av lokal læreplan med utgangspunkt i kompetansemål på Vg3 og i produksjon/verksemd i bedrifta
Samarbeid:
- rolleavklaring/forventningsavklaring
- klargjere elevane sine førkunnskaper
- aktuelle arbeidsoppdrag med vurderingskriterium
Opplæring
Skulen:
- førebu elevane til praksisopplæring i arbeidslivet
- motivasjon og støtte
Bedrifta:
- mottak/introduksjon
- HMS
- praktisk jobbopplæring
- motivasjon og støtte
Samarbeid:
- kontakt med og oppfølging av elevane
- besøk
Vurdering
Skulen:
- oppfølging av elevar i bedrift
- undervegsvurdering
- sluttvurdering
Bedrifta:
- praktisk oppgåveløysing
- haldningar til sikkerheit
- tilbakemeldingar i arbeidsprosessar
- bistå læraren i vurderingsarbeidet
Samarbeid:
- vurderingssamtale ved slutten av opplæringa i bedrift
Nettverk for samarbeid
Skuleeigaren ved den einskilde skulen har ansvaret for at det vert etablert samarbeid med arbeidslivet. Til dømes kan fylkeskommunen bidra med å etablere og formidle nettverk og møteplassar mellom partane i opplæringa.
Opplæringskontora er etablerte i alle fylka og dekkjer dei fleste faga. I mange fylke har opplæringskontora ein viktig funksjon som bindeledd mellom skulane og verksemdene, og dei kan bistå i arbeidet med prosessane rundt yrkesfagleg fordjuping.
Etablering av nettverk for samarbeid om yrkesfagleg fordjuping kan òg gje meirverdi til opplærngstilbodet. Samarbeid mellom lærarar, skuleleiing, instruktørar, representantar frå lokalt arbeidsliv og opplæringskontor kan vere utgangspunktet for å etablere nettverk. Dette kan gjerast gjennom partnarskapsavtalar, eller det kan byggje på fagleg samarbeid mellom skular, bedrifter og/eller verksemder.
Døme på arbeid som kan gjerast i nettverksgrupper:
- avtale om praktisk og organisatorisk gjennomføring av faget
- utarbeide lokale læreplanar
- dialog om innhald og vurdering
- dialog om dokumentasjonsgrunnlag for vurdering
- utarbeide planar for oppfølging og progresjon i samarbeidet
- gjensidig erfaringsutveksling og fagleg fordjuping
Ungdomsbedrifter
Ungt entreprenørskap (UE) kan òg nyttast i tilbodet til yrkesfagleg fordjuping. Ungt entreprenørskap arbeider aktivt for å fremje innovasjonsevna hjå norske skulelevar, og har kontaktar i dei fleste fylka og regionane. Gjennom å etablere ungdomsbedrifter relaterte til yrkesfagleg fordjuping kan elevane få praktisert faget, samstundes som dei lærer å drive ei bedrift. Lærarane i yrkesfagleg fordjuping kan få bistand frå UE til å etablere elevbedrifter i nærmiljøet som ein del av faget. Grunnlaget for elevbedrifter må finnast i Vg3-læreplanar.
Døme på bruk av ungdomsbedrift
Delar av utdanninga i utlandet
Senter for internasjonalisering i utdanninga (SIU) forvaltar mobilitetsprogrammet Erasmus+. Utdanningsinstitusjonar, opplæringskontor og bedrifter kan søkje om støtte gjennom SIU slik at elevar og lærlingar kan ta delar av utdanninga i utlandet. Mange skular har etablert samarbeid med skular eller bedrifter i eit anna land i Europa. Lengda på mobilitetsopphalda er frå to veker til tre månader, og kan nyttast i yrkesfagleg fordjuping, basert på kompetansemåla i Vg3-læreplanar.