Planlegging
- Faglærarar, faglege leiarar, instruktørar og avdelingsleiarar planlegg, gjennomfører og evaluerer opplæringa.
- Partane planlegg opplæringa i årlege møte.
- Bedrifta og den vidaregåande skulen samarbeider tett om opplæringa av elevane.
Lokal læreplan
- Skuleeigaren kan utarbeide ein standarisert mal for arbeidet med den lokale læreplanen dersom det er føremålstenleg.
- Ei arbeidsgruppe med faglærarar og instruktørar utarbeider lokale læreplanar med kjenneteikn på måloppnåing.
- Prøvenemndsmedlemmer kan òg vere ein ressurs i dette arbeidet.
- Eleven får opplæring i samsvar med den lokale læreplanen.
- Ei gruppe samansett av lærarar, instruktørar, eventuelt òg prøvenemndsmedlemmer, reviderer den lokale læreplanen på dei årlege møta.
Organisering
- Opplæringa er forankra i bedriftsleiinga.
- Elev, faglærar og kontaktperson i bedrifta vert einige om innhaldet i den lokale læreplanen og kriterium for måloppnåing før praksisperioden.
- Bedrifta har rutiner for å ta imot elevane og set av tid til opplæring.
- Instruktøren i bedrifta inkluderer bedrifta sine lærlingar i opplæringa av elevane.
- Ei stor verksemd kan til dømes ta imot tre til seks elevar samtidig to gonger i året. Læraren får betre tid til oppfølging når fleire elevar er på den same arbeidsplassen.
- Kvar periode kan til dømes vere på to til fire.
- Kontaktpersonen i verksemda har det daglege rettleiingsansvaret for eleven.
- Faglæraren møter elevane jamleg ute i verksemdene for å sikre at elevane vert vurderte ut frå kompetansemåla i den lokale læreplanen.
- Instruktøren og lærlingen samarbeider om opplæring, rettleiing og vurdering av eleven.
Undervegsvurdering
- Fagleg leiar/instruktør bruker vurderingskriteria frå den lokale læreplanen i si rettleiing og
vurdering av eleven.
Sluttvurdering
- Faglæraren set ei standpunktvurdering.