Deltaking i garderobesituasjonen
Lærlingen skal kunne
- kjenne til registreringssystem (beskjedar og fråvær)
- vere ein god rollemodell for barna
- ta vare på barnets rett til medverknad
- rettleie barn i påkledningssituasjonar
- halde orden i garderoben
Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen deltek i garderobesituasjonar og følgjer barnehagens rutinar. Han/ho viser initiativ og engasjement i garderobesituasjonen. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar. Han/ho er fleksibel og har positive haldningar.
Deltaking i måltidssituasjonen
Lærlingen skal kunne
- dekkje bord og rydde etter eit måltid
- kjenne til gjeldande regelverk for mat og måltid i barnehagen
- ta medansvar for å øve på god bordskik
- kvere ein god rollemodell og skape ein positiv atmosfære
- utføre riktig hygiene i måltidssituasjonen
Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen tek del i måltidet og følgjer barnehagens rutinar. Han/ho viser initiativ og engasjement i måltidssituasjonen. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar. Er fleksibel og har positive haldningar.
Stelle- og sovesituasjonar
Lærlingen skal kunne
- følgje barnehagens rutinar ved legging
- følgje og hjelpe barnet ved toalettrutinar
- følgje retningslinjer for hygiene i situasjonen
- kjenne til ergonomi og ta vare på sikkerheit (HMS).
Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen deltek i stelle- og sovesituasjonar og følgjer barnehagens rutinar. Han/ho viser initiativ og engasjement i stelle- og sovesituasjonar. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar og er fleksibel og har positive haldningar.
Leik inne og ute
Lærlingen skal kunne
- delta i leik/tur og andre aktivitetar
- motivere barna til å rydde
- inspirere, vere kreativ og leggje til rette for leik
- observere sosial kompetanse
Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen deltek i leik og følgjer barnehagens rutinar. Han/ho viser initiativ og engasjement i leik. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar, er fleksibel og har positive haldningar.
Kommunikasjon og samhandling
Lærlingen skal kunne
- kommunisere høfleg og tillitsfullt med barn og kollegaer
- vere ein god rollemodell i kommunikasjon og samhandling
Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen kommuniserer høfleg med barna og kollegaene. Han/ho viser initiativ til og engasjement i kommunikasjonen og samhandlingen med barna og kollegaene. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar for kommunikasjonen og samhandlingen, er fleksibel og har positive haldningar.
Hygiene
Lærlingen skal kunne
- rette seg etter arbeidsplassen sine krav om eigenhygiene
- vere ein god rollemodell og bruke klede som er tekkelege, behagelege og fornuftige
- kjenne til barnehagens rutinar knytte til hygiene, førebygging av sjukdom og smittevern
Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen tek vare på eigenhygiene og følgjer barnehagens rutinar knytte til arbeid med smittevern. Han/ho viser initiativ og sjølvstende i arbeidet med smittevern.