Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- utføre avgassmåling, tolke resultat og forklare verkemåten for avgassreinsesystem
- måle elektriske storleikar og tolke måleresultatet ved feilsøking og diagnose
- feilsøkje og tolke måleresultat på lyskretsar, ladeanlegg og startmotor
- feilsøkje på bremsesystem, vurdere resultat og forklare verkemåtar
Desse kompetansemåla frå hovudområdet kommunikasjon og kvalitet frå Vg3-læreplanen er gjennomgåande i all praksis i skule og bedrift:
- Elevane skal kunne utføre arbeid i tråd med reglar for helse, miljø og sikkerheit.
- Elevane skal kunne kjeldesortere og behandle spesialavfall etter gjeldande regelverk.
Lokal læreplan tilpassa elevar på Vg2
Elevane skal kunne
- utføre avgassmåling og tolke resultata
- måle elektriske storleikar og tolke resultatet
- utføre feilsøk på elektriske komponentar
- utføre bremsetest og forklare verkemåtar