Skuleeigar har ansvaret for at det vert utarbeidd lokale læreplanar i yrkesfagleg fordjuping, og at opplæringa vert gjennomført i samsvar med desse læreplanane. Skuleeigaren har ansvar for at elevane vert vurderte i tråd med kompetansemåla i dei lokale læreplanane. Skuleeigaren må leggje til rette for at elevane får eit reelt val
mellom fleire lokale læreplanar i yrkesfagleg fordjuping.
Ressursskulane skal leggje til rette for:
- nettverkssamarbeid mellom skular, og mellom skular og arbeidsliv
- auka samkøyring av yrkesfagleg fordjuping (YFF) i fylket
- å utnytte moglegheitene til at elevane får lærekontrakt/opplæringskontrakt i perioden med opplæring i bedrift
- at det vert utvikla ein systematikk for at elevane kan bruke YFF til å marknadsføre seg overfor lærebedriftene
- at YFF vert gjennomført i tett samarbeid mellom skulane, opplæringskontora og bransjeorganisasjonane på ein måte som tek omsyn til behova til elevane, bransjen og lærebedriftene
- utvikle eit felles årshjul slik at gjennomføringa av YFF er den same ved alle skulane
- at bedrifter som vurderer å ta inn lærling, vert stimulerte til å ta imot elevar i YFF
- at også Vg1-elevar i størst mogleg grad har praksis i bedrift
God organisering og gjennomføring er avgjerande for kvalitet i opplæringa. Ressursskulane er ei sentral del av nettverka for yrkesfagleg fordjuping. Nettverka skal
- vere ein viktig samarbeidsarena (skule-arbeidsliv) for kvalitet i fag- og yrkesopplæringa
- medverke til felles forståing og konkretisering av læreplanar
- vere eit forum der ein drøftar samanhengar mellom opplæringsspraksis og opplæringsresultat
- sikre arbeidet med kompetansemåla i Vg3-læreplanane
- utvikle gode felles rutinar for dokumentasjon, evaluering og vurdering i yrkesfagleg fordjuping