Vurdere inntak av elevar

Godkjende friskolar skal ha heile landet som inntaksområde og vere opne for alle som fyller vilkåra for inntak til offentlege skolar.

Fastsette inntaksreglement 

Det er fastsatt i friskoleloven § 5-2 at styret ved skolen skal fastsette et inntaksreglement som oppfyller kravene om inntak som fremgår av § 3-1.

Opent for alle

Godkjente friskoler skal ha hele landet som inntaksområde, og skal stå åpne for alle som fyller vilkårene for inntak til offentlige skoler. Dersom skolen har flere plasser enn søkere, må alle søkere som oppfyller vilkårene for inntak til offentlig skole tilbys plass, med mindre skolen har regulert annet i sitt inntaksreglement.

Søknadsfrist

Det skal fremgå klart av reglementet når søknadsfrist for skolen er og når inntaket skal anses som avsluttet.

Frittstående videregående skoler kan ikke ha løpende inntak, siden ungdom med rett til videregående opplæring etter opplæringsloven § 3-1 skal prioriteres før voksne søkere med rett til videregående opplæring etter opplæringsloven § 4A-3.

Prioritering av søkarar

Inntaksreglementet skal vise prioritering av søkere. Prioriteringsreglene kommer til anvendelse når det er flere søkere enn kapasiteten til skolen og må være saklige, objektive og etterprøvbare.

Dersom skolen etter ordinær søknadsfrist likevel ønsker mulighet for inntak av visse grupper elever, må dette og kriteriene for slikt inntak fremgå klart av inntaksreglementet.

Vurdere inntak til vidaregåande opplæring

Skolen skal påse at alle elever som tas inn, har rett til videregående opplæring. Skolen kan kun tilby opplæring til elever med rettigheter etter opplæringsloven §§ 3-1 første, tredje, fjerde, femte og ellevte ledd eller 4A-3. Det vil si at skolen kan ta inn:

  •  ungdom med rett (ein person under 25 år som har fullført grunnskolen, og som ikkje har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1 første ledd)
  • vaksne elevar med rett
  • vaksne elevar utan rett (gjeld berre utvalde skolar)

Ved inntak skal som hovedregel ungdom med rett prioriteres foran voksne elever med rett. Les meir om vurdering av ungdomsretten ved inntak til videregåande friskolar

Realkompetansevurdering ved inntak av vaksne elevar

Skolar som er godkjende etter friskolelova, kan ikkje tilby opplæring i fag som eleven har fått «godkjende» gjennom ei realkompetansevurdering, eller som han/ho allereie har fullført eller bestått gjennom tidlegare vidaregåande opplæring. Friskolar kan heller ikkje tilby opplæring i fag som eleven har brukt opp retten sin i, med mindre realkompetansevurderinga seier noko anna. For elevar som ønsker å ta opp igjen fag som dei tidlegare ikkje har bestått, er det den offentlege privatistordninga som gjeld.

Vaksne søkarar til vidaregåande opplæring på friskolar må få realkompetansen sin vurdert før inntak. «Godkjend» i ei realkompetansevurdering er likeverdig med ei sluttvurdering i faget. Resultatet av vurderinga gir grunnlag for tilpassing av opplæringstilbodet og kva fag han/ho kan takast inn på. Elevar ved friskolar kan ikkje ta delar av fag, men må ta heile faget dersom faget ikkje er godkjent.

Skolar som er godkjende etter friskolelova, kan ta inn både elevar med ungdomsrett, vaksne elevar med rett til vidaregåande opplæring og, i enkelte tilfelle, vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring. Kven som betaler realkompetansevurderinga, er avhengig av om den vaksne har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje.

Ein vaksen med rett til vidaregåande opplæring er ein person over 25 år som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men ikkje vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen har plikt til å vurdere realkompetansen hos vaksne søkarar med rett til vidaregåande opplæring. Vurderinga skal skje utan ugrunna opphald og på eit forsvarleg grunnlag. Fylkeskommunen betaler realkompetansevurderinga.

Ein vaksen utan rett til vidaregåande opplæring er ein person som har brukt opp ungdomsretten, uavhengig av om han/ho har fylt 25 år. Friskolar som kan ta inn vaksne elevar utan rett, er lista opp i forskrift til friskolelova § 11-3. Merk at for friskolar er ikkje definisjonen av ein vaksen søkar utan rett ikkje den same som den som blir brukt i opplæringslova. Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring har ikkje rett til realkompetansevurdering. For at dei skal få vurdert realkompetansen sin, må kommunen eller Nav vise dei til fylkeskommunen. Vaksne utan rett kan ikkje krevje dette. Den kommunen eller det Nav-kontoret som eventuelt viser dei til fylkeskommunen, må dekke kostnadene. Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring kan også sjølve kontakte fylkeskommunen for å få ei vurdering av realkompetansen sin. Fylkeskommunen kan da krevje at den enkelte dekker kostnadene sjølv.

Realkompetansevurdering i vidaregåande opplæring

Ikkje opplæring spesielt organisert for vaksne

Friskolar som tar inn vaksne elevar, kan ikkje gi opplæring som er spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kap. 4 A. Den vaksne blir rekna som elev på linje med elevar med ungdomsrett.

Påbygging til generell studiekompetanse Vg3 og Vg4

Elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram kan etter Vg1 og Vg2 ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

Dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse (Vg4). Retten gjeld berre dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare.

I utgangspunktet er det skolar som er godkjende for påbygging til generell studiekompetanse, og som samtidig har høve til å ta inn vaksne utan rett, som kan ta inn elevar og tilby påbygging til generell studiekompetanse Vg4.

Skolar som tar inn elevar og tilbyr slik opplæring, må kunne dokumentere at retten er innvilga, og at eleven oppfyller krava til både alder og året for bestått fag- og yrkesopplæring. Før inntaket må det ligge føre ei realkompetansevurdering av elevane.

Den nye retten inneber at eleven berre har rett til påbygging til generell studiekompetanse. Eleven kan ikkje takast inn på andre fag.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!