Tilleggsverksemd etter friskolelova

Første setning i friskolelova § 2-2 viser at friskolar med rett til statstilskot først og fremst skal drive skole. Det finst likevel nokre unntak som gjer det mogleg for skolen å drive tilleggsverksemd ved sida av skoleverksemda. 

Verksemd utover det som er godkjent gjennom forskrift eller søknad, blir sett på som ulovleg verksemd frå skolen si side.

For tilleggsverksemd som er tillaten, må skolen levere avdelingsrekneskap og vise avdelingsvis fordeling av felleskostnader. § 4 i økonomiforskrifta krev note i årsrekneskapen for tilleggsverksemd.

Skoleverksemd

Drift av «skole i samsvar med denne lova» er alltid tillaten. Forarbeida til regelen er tydeleg på at ein må forstå dette som verksemd som er føremålstenleg eller nødvendig for å nå måla i læreplanen, som skolen skal følgje.

Tilleggsverksemd som er tillaten

Etter økonomiforskrifta til friskolelova § 4A er følgjande tilleggsverksemd tillaten utan at skolen må søkje om dette:

  • Skolefritidsordning for elevar ved skolen og for eit mindretal som ikkje er elevar ved skolen. Det er ikkje fastsett ei øvre grense for kva som utgjer eit mindretal. Dette må vurderast konkret av skolen i det enkelte tilfellet.

  • Internat for elevar ved skolen

  • Utleige av tenestebustad ved internatet for tilsette på skolen og utleige til andre i skoleferien

  • Tilrettelegging i samarbeid med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar. Dette inneber at det må liggje føre ei godkjenning frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

  • Kantineverksemd som elevane eller skolen driv, og som gjeld for elevar ved skolen, og utleige av lokale til slik verksemd

  • Utleige av spesialrom når romma ikkje er i bruk, og utleigeverksemda ikkje er til hinder for skoleverksemda. Spesialrom er rom som er spesielt tiltenkt visse fag, slik som sløydrom, keramikkrom, skolekjøkken eller gymsal. Skolen kan leige ut for kortare eller lengre periodar så sant det ikkje er til fortrengsel for elevane i skoletida. Skolen må gjere ei konkret heilskapsvurdering, der mellom anna omsynet til opplæringstilbodet til elevane, det psykososiale miljøet og tryggleiken er det sentrale. Vi gjer i samband med dette merksam på at skolen kan krevje politiattest av personar som regelmessig oppheld seg på skolen, jf. friskolelova § 4-3 andre ledd. Dette vil òg gjelde for eventuelle leigetakarar.

  • Utleige av skolelokala utanom skoletida

  • Praksisopplæring gjennom deltaking i lærarutdanninga

  • Lærebedrift for lærlingar i fag som er knytte til skoledrifta når dette er godkjent av fylkeskommunen. Skolen kan berre vere lærebedrift som ein del av skoleverksemda og ikkje drive lærebedrift som tilleggsverksemd.

  • Deltaking i offentleg initierte tiltak og statlege satsingar knytte til
    skoleverksemda

  • Tilrettelegging av skoleskyss for elevar ved skolen. Friskolar kan administrere skoleskyss for sine elevar når det ligg føre ein avtale om dette, og kommunen eller fylket som er ansvarleg, dekkjer kostnadene skolen har til slik administrasjon. Det må understrekast at dette berre dreier seg om å administrere det offentlege skysstilbodet, og ikkje inneber at skolane sjølve kan skysse eigne elevar som tilleggsverksemd.
  • Tilrettelegging for privatisteksamen i utlandet. Det er fylkeskommunen som avgjer kva for utanlandske skolar som kan stå som formell arrangør ved eksamen i utlandet for sitt fylke. Ein norsk skole i utlandet kan berre vere eksamensstad for privatisten, og skal ikkje vere ansvarleg for å arrangere eksamen eller gi privatistopplæring. Skolen kan ikkje ha kostnader knytte til avviklinga som skolen sjølv dekkjer.

Tilleggsverksemd som er lovleg med godkjenning frå Utdanningsdirektoratet

Skolenkan søkje om godkjenning for å drive tilleggsverksemd, på det vilkåret at verksemda er nært knytt til skoleverksemda og berre utgjer ein mindre del av den totale verksemda, jf. økonomiforskrifta til friskolelova § 4A andre ledd.

For at ein type verksemd skal vere tillaten med tilvising til denne regelen, må godkjenning liggje føre før verksemda startar.

Vilkår om nær tilknyting

Etter lovendringa i 2015 presiserte departementet at ein ikkje må forstå dette kriteriet så strengt som at tilleggsverksemda må vere nært knytt til elevane si opplæring. Verksemder knytte til skolens ressursar, til dømes skolens lokale, kan oppfylle dette vilkåret.

I tidlegare forarbeid er gartneri, oppdrett og anna praksisopplæring nemnde som døme på verksemder som kan godkjennast. Merk at dette vil vere opplæringsverksemder innan gartneri, oppdrett eller annan praksis som går ut over «det som er formålstjenlig eller nødvendig for å nå målene i læreplanen som skolen skal følge». Vi har også tidlegare godkjent utleige av eigendom til barnehage. Den verksemda som er godkjend i slike tilfelle, er da utleige av eigendom, ikkje drift av barnehage.

Ved søknad om å leige ut overskotslokale som ikkje er i bruk, blir det vurdert i kva grad utleiga vil vere til fortrengsel for elevane. Medrekna her er kva for del av lokalet som skal leigast ut, omfanget av areal, omfang i tid, kven skolen skal leige ut til, og kor mykje administrasjon utleiga vil krevje. Vi vil leggje vekt på at lokala ikkje er skaffa med tanke på utleie, men at det er ein grunn til at skolen har overskotslokale anten mellombels eller permanent.

Utleige av skolens personale må vurderast konkret etter søknad. Her blir det vurdert kva for rolle den enkelte personen har i verksemda, omfanget av utleiga, om det er mogleg å etterprøve arbeidsfordelinga, og om det er mogleg å skilje oppgåvene og lønnskostnadene.

Vilkår om mindre del

Det er ikkje sett ei fast grense for kva ein mindre del av tilleggsverksemda kan utgjere. Ei rettleiande grense i tråd med forvaltningspraksis ligg på 5 % av skolens totale tilskotsgrunnlag (statstilskot og skolepengar).

I ein søknad må skolen sende inn eit budsjett for tilleggsverksemda. Utdanningsdirektoratet vil vurdere om tilleggsverksemda må føre eigen avdelingsrekneskap.

Ulovleg verksemd

Andre verksemder enn dei som er tillatne etter forskrift eller etter godkjenning frå Utdanningsdirektoratet, kan ikkje drivast eller eigast av det same rettssubjektet som står for skoledrifta. Slik verksemd skal drivast av sjølvstendige rettssubjekt, og dette rettssubjektet skal ikkje vere eigd av skolen.

Dette gjeld mellom anna desse kategoriar av verksemd:

  • kurstilbod for andre enn skolens elevar
  • utleigeverksemd av lærarkrefter
  • praksisbedrift
  • barnehagedrift
  • kurs under fagskolelova, lov om universitet og høgskolar, folkehøgskolelova og vaksenopplæringslova
  • opplæringstilbod etter introduksjonslova
  • skyssverksemd

Lista over her er ikkje uttømmande.

Privatskolar som eig aksjar

Eigarskap i aksjar skal vurderast etter dei same retningslinjene som anna verksemd.

Dersom eigarskapen er ein føremålstenleg eller nødvendig føresetnad for å drive «skole i samsvar med loven», er han tillaten. I vurderinga av kva som er føremålstenleg eller nødvendig, må det takast omsyn til kva for alternativ som finst, og omfanget av engasjementet i aksjeselskapet. Det er òg eit relevant omsyn kva for anna verksemd det aktuelle selskapet driv.

Det er ikkje tilstrekkeleg at eigarskap i eit aksjeselskap er økonomisk gunstig eller praktisk. Eigarskapen må vere nødvendig for, eller i det minste utgjere eit direkte bidrag til, å oppfylle måla i læreplanen og skolens godkjenning.

Friskolar kan dessutan eige aksjepostar i aksjeselskap som driver SFO, internat og anna som er regulert direkte i økonomiforskrift til friskolelova § 4A. Det er likevel ein føresetnad at desse selskapa ikkje driv anna enn slik verksemd som det ville vore tillate at skolen driv sjølv. Dersom internatet leiger ut rom til andre enn skolens elevar og tilsette i skoleåret, kan skolen verken drive det sjølv eller eige aksjar i selskapet som driv det, med mindre det er tillate etter godkjenning.

Heimel for å søkje om dispensasjon for verksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som berre utgjer ein mindre del av den totale verksemda, gjeld på same måte for aksjepostar i slike verksemder.

Korleis eigarskap blir finansiert, er ikkje relevant

Det er ikkje relevant for vurderingane opp imot § 2-2 korleis eigarskap til aksjepostar er finansiert. Dette inneber at uavhengig av om det er statstilskot, skolepengar, gåver e.l. som ligg til grunn for kjøpet av aksjar eller oppretting av eit aksjeselskap, vil eigarskap vere ulovleg dersom det ikkje er å rekne som skoleverksemd eller anna verksemd som er uttrykkjeleg tillatne i lov eller etter særskild godkjenning. Dette gjeld òg til dømes om skolen får ein aksjepost i gåve.

Det er heller ikkje relevant at skolen fekk eller kjøpte aksjepostar før dagens friskolelov med tilhøyrande forskrifter. Skolane pliktar å følgje det regelverket som til ei kvar tid gjeld.

Tilleggsverksemd skal komme elevane til gode

Alle inntekter frå tilleggsverksemd skal komme elevane til gode, og skolen kan ikkje ta ut utbytte eller overføre overskot frå inntekter til eigarar eller deira nærståande, jf. økonomiforskrift til friskolelova § 4A tredje ledd.

Skolens ansvar

Skolen er ansvarleg for å undersøkje om tilleggsverksemda er omfatta av reglane for momskompensasjon, og om andre skattereglar gjeld for tilleggsverksemd som ikkje blir sett på som skoledrift.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!