Færre ungdomar i oppfølgingstenesta 2020–21

Oppfølgingstenesta skal hjelpe ungdom som avbryt eller ikkje kjem i gang med vidaregåande opplæring eller arbeid. I juni 2021 var 13 400 ungdomar registrerte i oppfølgingstenesta. Nedgangen i talet på ungdomar i oppfølgingstenesta held fram, noko som kan ha samanheng med at fleire fullfører vidaregåande opplæring.

Hovudfunn

  • Over ein tredel av ungdomane i oppfølgingstenesta har ikkje søkt skole- og læreplass. Delen er særleg stor blant dei eldste ungdomane
  • 2 av 5 ungdomar kjem i aktivitet i løpet av skoleåret, dei fleste av desse er i tiltak
  • Færre ungdomar er i oppfølgingstenesta. Frå 2012 til i dag er det nærmare 7000 færre ungdomar

Fleire tal ligg i statistikkbanken på udir.no.

Mange har ikkje søkt om skole- eller læreplass


I juni 2021 var 13 400 ungdomar registrerte i oppfølgingstenesta. Over ein tredel av desse, 38 prosent, blei kontakta av oppfølgingstenesta fordi dei ikkje hadde søkt skole- eller læreplass, mens 29 prosent blei kontakta fordi dei slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret. Dei resterande ungdomane har enten takka nei til plassen dei fekk (14 %), eller har andre grunner til å ikkje være i opplæring eller arbeid (20 %), til dømes fordi dei ikkje har fått læreplass. 

Det er særleg dei yngste som får hjelp av oppfølgingstenesta fordi dei har slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret. Det gjeld litt over halvparten av dei som er 17 år eller yngre. Berre 14 prosent i den yngste aldersgruppa er i oppfølgingstenesta fordi dei ikkje har søkt vidaregåande opplæring. Blant dei eldste er det omvendt, 61 prosent av 20-åringane er tilmelde oppfølgingstenesta fordi dei ikkje har søkt vidaregåande opplæring, mens berre 13 prosent avbraut opplæringa i løpet av skoleåret.

 

Om oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta (OT) er ei fylkeskommunal teneste for ungdom under 21 år som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid.

Oppfølgingstenesta har òg ansvaret for å koordinere og samordne den tverrfaglege innsatsen for desse ungdommane.

Ansvarsområdet til oppfølgingstenesta er regulert i forskrift.

2 av 5 er komme i gang med opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak


Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at ungdom i målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak. I skoleåret 2020–21 har 40 prosent av ungdomane byrja i opplæring, jobb eller tiltak etter å ha vore i kontakt med oppfølgingstenesta.

Det er stor variasjon mellom fylka både når det gjeld delen ungdomar dei ikkje har fått tak i (ukjend status) og delen som har komme i aktivitet. Delen ungdomar med ukjend status er 48 prosent i Oslo og 15 prosent i Troms og Finnmark, mens han er på under 5 prosent i fleire av fylka. 59 prosent av ungdomane i Innlandet og Vestfold og Telemark har komme i aktivitet i løpet av skoleåret, mens det berre er 16 prosent i Oslo. 

Mange kjem ikkje i aktivitet

3 600 ungdomar har ikkje komme i aktivitet, men får oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta. Blant ungdomane som har komme i aktivitet, er dei fleste i ulike tiltak. Totalt er 23 prosent av ungdomane i tiltak i regi av Nav, og i tillegg er omtrent 6 prosent i ulike fylkeskommunale opplæringstiltak. Det er òg ei relativt stor gruppe, 12 prosent, som er sjuke eller i institusjon. Dette er på same nivå som året før.

40 prosent er i oppfølgingstenesta to skoleår på rad

Ungdom som er registrerte i oppfølgingstenesta to skoleår på rad, omtaler vi som gjengangarar. Det er altså ungdomar som i praksis er ute av opplæring og arbeid to år på rad, sjølv om dei kan ha vore i opplæring eller arbeid i delar av denne perioden. Av dei ungdomane som var registrerte i oppfølgingstenesta ved slutten av skoleåret i 2020, er 40 prosent tilbake i juni 2021. Dette er på same nivå som året før og har vore stabilt dei seinare åra.

Sjølv om delen gjengangarar har vore stabil dei seinaste åra er det færre ungdomar totalt sett som er i oppfølgingstenesta to år på rad. Av dei ungdomane som var registrerte i oppfølgingstenesta ved slutten av skoleåret i 2017, vart 7 100 (39 %) ungdomar tilbake i juni 2018. I år gjaldt dette 5 600 ungdomar (40 %).

Delen ungdomar som er i oppfølgingstenesta to skoleår på rad varierer frå 44 prosent i Agder til 35 prosent i Troms og Finnmark. 

Færre ungdomar i oppfølgingstenesta dei siste åra

Over fleire år har det vore ein trend at færre ungdomar er utanfor opplæring og arbeid. Frå 2012 har talet på ungdomar i oppfølgingstenesta gått ned frå 20 200 til 13 400 ungdomar. Dette tilsvara ein nedgang på nærmare 7 000 ungdomar eller 33 prosent. Utviklinga kan sest i samanheng med auka gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Om statistikken

Statistikken viser kor mange ungdommar mellom 16 og 21 år som er registrerte i oppfølgingstenesta (OT). Tilmeldingskode angir årsaka til at ungdommen er registrerte i OT. Det kan vere ungdom som ikkje har søkt, som har takka nei, som har slutta i skole/lære eller av andre grunnar ikkje er i opplæring eller jobb. Statuskode angir kva som er hovudaktiviteten til ungdommen på rapporteringstidspunktet.

Statuskodane er delte inn i fire hovudgrupper:

  • I aktivitet (ungdommar som har byrja i skole, arbeid eller tiltak)
  • Avklart (ungdommen treng ikkje oppfølging på dåverande tidspunkt)
  • Under oppfølging og rettleiing (ungdommar ein førebels ikkje har funne eit tilbod til)
  • Ukjent (oppfølgingstenesta har ikkje fått kontakt med ungdommen)

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!