Permitterte lærlingar

Veka etter påske er det 566 lærlingar og lærekandidatar som er permitterte som følgje av koronasituasjonen. Det er flest permitterte innanfor restaurant- og matfag.

Hovudfunn 

  • 566 lærlingar er permitterte i starten av april 2021, noko som utgjer 1 prosent av lærlingane.
  • 17 prosent av lærlingane innanfor restaurant- og matfag er permitterte. Særleg kokkfaget er hardt ramma.
  • I alt har 53 lærlingar og lærekandidatar blitt sagde opp grunna koronasituasjonen det siste året.

Tal om permitterte lærlingar og lærekandidatar

Utdanningsdirektoratet innhentar for tida jamleg tal på permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar frå fylkeskommunane for å få eit oppdatert bilete av konsekvensane koronasituasjonen får for desse.

Tidleg i april 2021 er 566 lærlingar permitterte. Dette er ein auke på 45 permitterte samanlikna med sist rapportering i midten av mars. Det tyder på at dei omfattande tiltaka som blei iverksett for tre veker sidan har ført til litt fleire permitteringar. Tiltaka innebar mellom anna at dei fleste typar butikkar i Viken måtte halde stengt, og denne veka er det rapportert om over 40 permitteringar innanfor salsfaget i Viken. Totalt er det likevel betydeleg færre permitterte no samanlikna med i april for eitt år sidan, då talet på permitterte, totalt for alle fag, var 4 020.

566 lærlingar er permitterte som følgje av koronasituasjonen. Det er flest permitterte innanfor restaurant- og matfag.

På landsbasis er 1,2 prosent av lærlingane permitterte. Til samanlikning var 0,3 prosent permittert i november. Talet på permitterte lærlingar er høgast i Oslo, som har 227 av permitteringane. Etter Oslo følgjer Viken og Rogaland, med høvesvis 96 og 59 permitterte. Innlandet og Vestland har færrast permitterte.

Nokre har òg mista læreplassen sin grunna koronasituasjonen. I alt har 53 lærlingar og lærekandidatar blitt sagde opp (mista læreplassen sin) grunna koronasituasjonen det siste året. Desse kan ha fått seg ny læreplass eller gått opp til fagprøva i mellomtida.

Restaurant- og matfag hardast ramma 

Sidan april 2020 har det vore flest permitterte innanfor restaurant- og matfag. 370 av dei no 566 permitterte lærlingane tar restaurant- og matfag. Deretter følger service og samferdsel med 84 permitterte lærlingar. Sjølv om det er mange permitterte lærlingar i restaurant- og matfag er situasjonen langt betre enn for eitt år sidan. I slutten av april 2020 (veke 18) var 1050 lærlingar i  restaurant- og matfag permitterte. 

Kokkfaget er særleg hardt ramma – nesten halvparten av dei permitterte i veke 14 er lærlingar i kokkfaget. Ein stor del av desse er lærling i Oslo, som melder om 150 permitterte kokkelærlingar.

Totalt er 17 prosent av lærlingane innanfor restaurant- og matfag permitterte. Delen permitterte er nest størst innanfor design og handverk og service og samferdsel, med høvesvis 2,8 og 1,4 prosent. Resten av utdanningsprogramma har 0,4 prosent eller færre permitterte.

Totalt går 89 prosent av dei permitterte lærlingane på restaurant- og matfag, service og samferdsel eller design og handverk.

 

Om tala

  • Statistikken er basert på tal som Utdanningsdirektoratet jamleg hentar inn frå fylkeskommunane. Tala rapporterast tysdag og publiserast torsdag. Neste oppdatering er planlagd til veke 16.
  • Tala omfattar både lærlingar og lærekandidatar, sjølv om nemninga lærlingar brukast.
  • Frå veke til veke kan nokre lærlingar ha komme tilbake i jobb, mens nye permitteringar kan ha komme til. Figurane viser det totale talet på permitterte ved rapportering.
  • Det kan vere fleire som er permitterte eller sagde opp – eller som har komme tilbake til jobb igjen – enn det fylkeskommunane har oversikt over på rapporteringstidspunktet.
  • Tala tek ikkje omsyn til i kor stor grad lærlingen er permittert. Om ein lærling er permittert 40 prosent, kan han eller ho framleis få noko opplæring og vere i arbeid, men blir her talt som permittert.
  • Tala har ikkje vore gjennom ordinære kvalitetssikringsrutinar, og dei kan derfor ikkje sest på som nasjonal statistikk. Tala kan likevel gi eit godt bilete av utviklinga, og til dømes vise i kva for bransjar lærlingane er mest utsette.
  • Tala kan ikkje direkte samanliknast med statistikk publisert av NAV.
  • Ikkje alle fylka har oppdaterte tal for kvar rapportering, og i slike høve blir den siste tilgjengelege rapporteringa brukt. Det kan òg skje at seinare kvalitetssikring fører til endring i tala.
  • Utdanningsprogrammet design og handverk inkluderer lærefag frå det tidlegare utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon.
  • For å kunne berekne delen som er permitterte, blir tal på løpande lærekontraktar samla inn. Tala på løpande kontraktar kan variere frå veke til veke. Derfor kan til dømes delen permitterte gå opp sjølv om talet på permitterte har gått ned.
  • Lærlingar i alternative løp i ny tilbodsstruktur er ikkje inkluderte i berekninga av delen permitterte etter utdanningsprogram.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!