Stor nedgang i permitterte lærlingar

Permitterte lærlingar veke 22

Talet på permitterte lærlingar er nesten halvert samanlikna med for to veker sidan. Første veka i juni er 292 lærlingar permitterte som følgje av koronasituasjonen. Det er framleis flest permitterte innanfor restaurant- og matfag.

Hovudfunn 

  • 292 lærlingar er permitterte i veke 22, noko som utgjer 0,7 prosent av lærlingane.
  • 8 prosent av lærlingane innanfor restaurant- og matfag er permitterte. Kokkfaget er fortsett hardast ramma.
  • 58 lærlingar har blitt sagde opp grunna koronasituasjonen det siste året. 

Tal om permitterte lærlingar og lærekandidatar

Utdanningsdirektoratet innhentar for tida jamleg tal på permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar frå fylkeskommunane for å få eit oppdatert bilete av konsekvensane koronasituasjonen får for desse.

I starten av juni er 292 lærlingar permitterte. Dette er ein nedgang på 240 permitterte samanlikna med for to veker sidan. 

På landsbasis er 0,7 prosent av lærlingane no permitterte. Til samanlikning var 10 prosent av lærlingane permitterte i slutten av april i fjor. Talet på permitterte lærlingar er høgast i Viken, som har 83 av permitteringane. Etter Viken følgjer Rogaland, med 47 permitterte. Det er færrast permitterte i Troms og Finnmark. 

I tillegg til dei som er permitterte har i alt 58 lærlingar og lærekandidatar mista læreplassen sin grunna koronasituasjonen det siste året. Desse kan ha fått seg ny læreplass eller gått opp til fagprøva i mellomtida.

Restaurant- og matfag hardast ramma 

Sidan april 2020 har det vore flest permitterte innanfor restaurant- og matfag. 174 av dei no 292 permitterte lærlingane tar restaurant- og matfag, men talet er betrakteleg lågare enn for berre to veker sidan. Dette skyldast i hovudsak ein stor nedgang i talet på permitterte i Oslo. I Oslo er det rundt 150 færre permitterte innanfor restaurant- og matfag nå enn for to veker sidan. Totalt i alle utdanningsprogram er det nesten 200 færre permitterte lærlingar i hovudstaden. Nedgangen skyldast truleg gjenopninga av Oslo dei siste vekene.

Totalt er 8,4 prosent av lærlingane innanfor restaurant- og matfag permitterte, ein nedgang frå 18 prosent for to veker sidan. Delen permitterte er nest størst innanfor design og handverk og service og samferdsel, med høvesvis 1,7 og 0,9 prosent. I tal har dei to utdanningsprogramma høvesvis 30 og 53 permitterte. Resten av utdanningsprogramma har 0,2 prosent eller lågare del permitterte.

Totalt går 88 prosent av dei permitterte lærlingane på restaurant- og matfag, service og samferdsel eller design og handverk.

Om tala

  • Statistikken er basert på tal som Utdanningsdirektoratet jamleg hentar inn frå fylkeskommunane. Tala rapporterast tysdag og publiserast torsdag. Neste oppdatering er planlagd til veke 24.
  • Tala omfattar både lærlingar og lærekandidatar, sjølv om nemninga lærlingar brukast.
  • Frå veke til veke kan nokre lærlingar ha komme tilbake i jobb, mens nye permitteringar kan ha komme til. Figurane viser det totale talet på permitterte ved rapportering.
  • Det kan vere fleire som er permitterte eller sagde opp – eller som har komme tilbake til jobb igjen – enn det fylkeskommunane har oversikt over på rapporteringstidspunktet.
  • Tala tek ikkje omsyn til i kor stor grad lærlingen er permittert. Om ein lærling er permittert 40 prosent, kan han eller ho framleis få noko opplæring og vere i arbeid, men blir her talt som permittert.
  • Tala har ikkje vore gjennom ordinære kvalitetssikringsrutinar, og dei kan derfor ikkje sest på som nasjonal statistikk. Tala kan likevel gi eit godt bilete av utviklinga, og til dømes vise i kva for bransjar lærlingane er mest utsette.
  • Tala kan ikkje direkte samanliknast med statistikk publisert av NAV.
  • Ikkje alle fylka har oppdaterte tal for kvar rapportering, og i slike høve blir den siste tilgjengelege rapporteringa brukt. Det kan òg skje at seinare kvalitetssikring fører til endring i tala.
  • Utdanningsprogrammet design og handverk inkluderer lærefag frå det tidlegare utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon.
  • For å kunne berekne delen som er permitterte, blir tal på løpande lærekontraktar samla inn. Tala på løpande kontraktar kan variere frå veke til veke. Derfor kan til dømes delen permitterte gå opp sjølv om talet på permitterte har gått ned.
  • Lærlingar i alternative løp i ny tilbodsstruktur er ikkje inkluderte i berekninga av delen permitterte etter utdanningsprogram.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!