Resultat frå nasjonale prøver på 5. trinn

Hausten 2017 gjennomførte cirka 60 000 elever på 5. trinn nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. 

Nasjonale prøver gir skoler og kommunar kunnskap om elevane sine ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Resultata hjelper lærerar, rektorar, kommunar og myndigheiter i arbeidet med å gi alle elevar god undervisning.

Resultata til elevane blir rekna om om til poeng på ein fast skala, der 50 er snittet på 5. trinn. Elevane blir også plasserte på eit meistringsnivå, der 1 er lågast og 3 er høgast. 

Vi anbefaler å sjå gjennomsnittsresultat og fordeling av elevar på meistringsnivå i samanheng. Sjå beskrivingar av meistringsnivåa og poenggrensene for desse.

Måling av utvikling over tid

Frå og med 2014 kan du samanlikne resultata for rekning og for engelsk over tid. Du kan gjere det same med leseresultata frå og med 2016. 

Det betyr at det i åra som kjem blir det lettare for skoleleiarar og kommunar å sjå effekten av lokale lærings- og utviklingstiltak. Først etter nokre år er det mogleg å sjå eventuelle trendar.

For å kunne måle utvikling over tid, treng vi ein felles skala. For å få til dette, lenker vi prøvene frå ulike år samen ved hjelp av såkalla ankeroppgåver. Les meir her.

Samandrag

  • Det er i snitt ingen store endringar i elevane sine prestasjonar på 5. trinn.
  • Fleire gutar enn jenter presterer på høgaste meistringsnivå i rekning og engelsk.
  • Færre jenter enn gutar presterer på lågaste meistringsnivå i lesing.
  • Det er berre marginale endringar i elevane sine prestasjonar i dei fleste fylka og dei største kommunane.   
  • I Nordland presterer færre elevar på lågaste meistringsnivå i rekning.
  • I Bærum og Oslo presterer meir enn kvar tredje elev på høgaste meistringsnivå.

Nasjonale resultat

Små endringar i prestasjonar over tid

Gjennomsnittlege poeng i engelsk og rekning er dei same som i 2014, 50 skalapoeng.

Fordelinga på meistringsnivå stadfestar ytterlegare at elevane sine prestasjonar er relativt stabile over tid, men det har likevel vore ein svak nedgang i den delen elevar som presterer på lågaste meistringsnivå på dei tre prøvene.

På leseprøva, der vi starta med måling av utvikling over tid i 2016, er det for tidleg å seie noko om trend.

I både rekning og engelsk har den delen elevar som presterer på det lågaste meistringsnivået, gått ned med 1,6 prosentpoeng frå 2014 til 2017. Det betyr 900 færre elevar som presterar på lågaste meistringsnivå. 

Figur 1. Elevar på 5. trinn i lesing, fordelte på meistringsnivå, 2016-2017. Prosent.

Figur 1. Elevar på 5. trinn i lesing, fordelte på meistringsnivå, 2016-2017. Prosent.

Figur 2. Elevar på 5. trinn i rekning, fordelte på meistringsnivå, 2014-2017. Prosent.

Figur 2. Elevar på 5. trinn i rekning, fordelte på meistringsnivå, 2014-2017. Prosent.

Figur 3. Elevar på 5. trinn i engelsk, fordelte på meistringsnivå, 2014-2017. Prosent.

Figur 3. Elevar på 5. trinn i engelsk, fordelte på meistringsnivå, 2014-2017. Prosent.

Fleire blir fritekne og færre deltek ikkje på nasjonale prøver

Deltakinga på dei nasjonale prøvene på 5. trinn er generelt høg, 93 prosent i lesing og engelsk og 94 prosent i rekning. Deltakinga er dermed ein-til-to prosentpoeng lågare enn for 8. trinn. Skolane fritek i snitt 4,7 prosent i rekning og 5,5 prosent i lesing og i engelsk. Til dømes blir 3 400 av 62 600 registrerte elevar fritekne på leseprøva.

Dette er elevar med enkeltvedtak om anten spesialundervisning eller særskild språkopplæring. Desse kan bli fritekne frå nasjonale prøver når det er klart at resultatet frå prøva ikkje vil ha noko å seie for den vidare opplæringa til eleven. I tillegg til fritekne elevar er det også elevar som ikkje deltek på prøvene på grunn av dokumentert eller udokumentert fråvær. På 5. trinn er dette mellom 1,3-1,5 prosent i 2017, noko som tilsvarer rundt 800-900 elevar.

Den delen elevar som blir fritekne, aukar med 0,6 prosentpoeng frå i fjor på alle prøvene. Samtidig går den delen som ikkje deltek, ned med 0,2 prosentpoeng i lesing og engelsk og 0,3 prosentpoeng i rekning. Samla sett går derfor deltakinga litt ned samanlikna med i fjor.

Figur 4. Elevar som blir fritekne eller ikkje deltek på nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk på 5. trinn, 2009-2017. Prosent.

Figur 4. Elevar som blir fritekne eller ikkje deltek på nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk på 5. trinn, 2009-2017. Prosent.

Resultat for fylka

Flest elevar i Oslo som presterer på høgaste meistringsnivå

Det skil fem poeng mellom fylket med høgast og lågast poeng både i lesing og engelsk, og fire poeng i rekning. Fordelinga av elevar på meistringsnivå viser tydeleg at det er størst skilnad mellom fylka i delen elevar på det høgaste meistringsnivået.

Det er særleg Oslo som skil seg ut ved at mange elevar presterer på det høgaste meistringsnivået. I lesing presterer om lag 35 prosent av elevane i Oslo på det høgaste meistringsnivået i lesing. Til samanlikning presterer 28 prosent av elevane i Akershus på det høgaste meistringsnivået i lesing. Oslo har også færrast elever på det lågaste meistringsnivået. Særleg i engelsk er den delen som presterer på det lågaste meistringsnivået i Oslo, langt lågare enn landsgjennomsnittet.

Elevane sine prestasjonar i dei ulike fylka endrar seg marginalt i engelsk og rekning frå 2016 til 2017. Samanlikna med 2014 har det vore størst endring i Nordland. I snitt presterer elevane i Nordland to poeng betre i rekning, og den delen elevar som presterer på det lågaste meistringsnivået, har gått ned med åtte prosentpoeng sidan 2014.

Figur 5. Gjennomsnittlege poeng og elevar fordelte på meistringsnivå for fylka, lesing 5. trinn, 2017. Prosent. 

Figur 5. Gjennomsnittlege skalapoeng og elevar fordelte på meistringsnivå for fylka, lesing 5. trinn, 2017. Prosent.

Figur 6. Gjennomsnittlege poeng og elevar fordelte på meistringsnivå for fylka, rekning 5. trinn, 2017. Prosent.

Figur 6. Gjennomsnittlege skalapoeng og elevar fordelte på meistringsnivå for fylka, rekning 5. trinn, 2017. Prosent.

Figur 7. Gjennomsnittlege poeng og elevar fordelte på meistringsnivå for fylka, engelsk 5. trinn, 2017. Prosent.

Figur 7. Gjennomsnittlege poeng og elevar fordelte på meistringsnivå for fylka, engelsk 5. trinn, 2017. Prosent.

Deltakinga på nasjonale prøver varierer mykje mellom fylka

Fritaksprosenten varierer frå ti prosent i nokre fylke til tre prosent i andre fylke. Den delen elevar som ikkje deltek, varierer frå fire prosent til under éin prosent.

Finnmark fritek flest elevar frå alle prøvene på 5. trinn. Akershus har lågast fritaksprosent, og har samtidig ein relativ låg del som ikkje deltek. Deltakingsprosenten er derfor høgast i Akershus med over 95 prosent. Nordland har gjennomgåande den høgaste delen som ikkje deltek.

Når det gjeld den delen som blir friteken, er det gode grunnar til at denne varierer mellom fylka. Kor mange elevar som blir fritekne i eit fylke, har nær samanheng med kor mange elevar som har vedtak om særskild språkopplæring eller spesialundervisning. Det er derimot ingen gode grunnar til at den delen som ikkje deltek, skal variere mellom fylka i så stor grad.

Den delen som blir friteken, aukar frå 2016 til 2017 for mange av fylka, samtidig som færre elevar blir registrerte som ikkje delteke. Dette kan tyde på betre registrering. Unntaka er Oslo og Telemark der fritaket går ned på alle prøvene.

Sjå Statistikkportalen for oversikt over delen elevar med fritak eller ikkje delteke for alle fylka.

Resultat for dei ti største kommunane

I Bærum og Oslo presterer meir enn kvar tredje elev på det høgaste meistringsnivået 

Elevane i Bærum og Oslo får i snitt tre skalapoeng meir enn landsgjennomsnittet i lesing og engelsk, og to poeng meir i rekning. Resten av dei store kommunane har gjennomsnittlege poeng tett opptil det nasjonale snittet. Oslo skil seg også ut blant dei største kommunane ved å ha den høgaste delen elevar på det høgaste meistringsnivået på alle prøvene.

Det er i utgangspunktet små endringar i elevprestasjonane for dei største kommunane frå 2016 til 2017. Elevane sine prestasjonar endrar seg mest frå i fjor til i år i Tromsø. Gjennomsnittleg poeng aukar med 2 poeng i både lesing og engelsk, og delen elevar på det lågaste meistringsnivået går ned med høvesvis 12 og 8 prosentpoeng. Frå 2015 til 2016 auka derimot delen elevar på det lågaste meistringsnivået i engelsk. Samanlikna med 2014 har det likevel vorte færre elevar i Tromsø, åtte prosentpoeng, som presterer på det lågaste meistringsnivået i engelsk.

Sjå Statistikkportalen for resultata for dei største kommunane.

Skilnader mellom gutar og jenter

Stabile skilnader mellom gutar og jenter

Jentene har i snitt to poeng meir enn gutane i lesing, mens i engelsk og rekning har gutane to skalapoeng meir enn jentene. Dette biletet har ikkje endra seg dei siste åra.

Sjølv om desse skilnadene i poeng er små, viser ei fordeling av elevar på meistringsnivåa likevel nokre særtrekk for gutar og jenter. Eit gjennomgåande trekk for dei tre prøvene er at jentene i noko større grad enn gutane presterer på det mellomste meistringsnivået. I lesing er det færre jenter enn gutar som presterer på det lågaste meistringsnivået. Det er omtrent 8 000 gutar og 5 800 jenter som presterer på det lågaste meistringsnivået i lesing i 2017. I engelsk og rekning er det fleire gutar enn jenter på det høgaste meistringsnivået. Det er 8 500 gutar og 6 400 jenter på det høgaste meistringsnivået i engelsk, og 8 800 gutar og 6 300 jenter på det høgaste meistringsnivået i rekning.

Figur 8. Gjennomsnittlege poeng og spreiing på nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk for elevar på 5. trinn, 2017.

Figur 8. Gjennomsnittlege poeng og spreiing på nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk for elevar på 5. trinn, 2017.

Figur 9. Elevar på 5. trinn fordelte på meistringsnivå og kjønn, for lesing, 2017. Prosent.

Figur 9. Elevar på 5. trinn fordelte på meistringsnivå og kjønn, for lesing, 2017. Prosent.

Figur 10. Elevar på 5. trinn fordelte på meistringsnivå og kjønn, for rekning, 2017. Prosent.

Figur 10. Elevar på 5. trinn fordelte på meistringsnivå og kjønn, for rekning, 2017. Prosent.

Figur 11. Elevar på 5. trinn fordelte på meistringsnivå og kjønn, for engelsk, 2017. Prosent.

Figur 11. Elevar på 5. trinn fordelte på meistringsnivå og kjønn, for engelsk, 2017. Prosent.

Her finn du meir om resultata frå 5. trinn

  • Statistikkportalen.udir.no og skoleporten.udir. no. (Her ligg resultata for landet, fylke, kommunar og skolar tilgjengelege for alle. Du kan lage dine eigne rapportar.) 
  • PAS (For skoleeigarar, skoleleiarar og lærearar. Krev at du loggar inn.)

Les om korleis lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar kan følge opp resultata.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!