Fagval i vidaregåande opplæring 2016/17

Her finn du ei oversikt over elevane sine val av utdanningsprogram, programområde og fag i vidaregåande opplæring i skoleåret 2016/17.

Her finn du tala i Statistikkportalen

Elevar – fag
Elevar – fylke og skolar
Elevar – utdanningsprogram og trinn

Det er om lag 191 000 elevar i vidaregåande opplæring per 1. oktober 2016, fordelt på 419 skolar. Talet på elevar og skolar endrar seg lite frå året før. 

Nær halvparten startar på yrkesfag

Det finst 13 ulike utdanningsprogram elevane kan søkje seg inn på: fem studieførebuande og åtte yrkesfaglege. Cikra 47 prosent av elevane som starta på ein vidaregåande skole hausten 2016, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

Ein stor del av elevane som starta på eit studieførebuande utdanningsprogram, starta på studiespesialisering. Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 39 prosent av elevane på Vg1. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, starta 1 av 4 på helse- og oppvekstfag.

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande

På Vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Av dei som begynner på Vg2 studiespesialisering vel 56 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 41 prosent vel programområdet realfag. Dei resterende 3 prosentane går på STUSP2, som er et programområde på enkelte skoler.

Helsearbeidarfag er det største programområdet på yrkesfag

Om lag 3 600 elevar går på helsearbeidarfag på Vg2, det største programområdet innanfor yrkesfaga. Medium og kommunikasjon, barne- og ungdomsarbeidarfag, elenergi, byggteknikk og industriteknologi er også svært populære programområde blant yrkesfaga.

Størst nedgang innanfor restaurant- og matfag og teknikk og industriell produksjon

Elevtalet på restaurant- og matfag og teknikk og industriell produksjon Vg1 går ned med høvesvis 7,3 og 6,9 prosent frå i fjor. 

Naturbruk aukar mykje

Naturbruk er det programmet som aukar mest frå i fjor. Elevtalet på Vg1 aukar med 8,4 prosent. 

98 prosent av elevane på framandspråk tek spansk, tysk eller fransk

Prosentdelen av elevar på framandspråk på spansk, tysk og fransk er høvesvis 44, 38 og 16 prosent. Dei fleste elevane som tek framandspråk, er registrerte på fellesfag. Det er berre 2,9 prosent som tek dette som eit programfag.

Sjå tala for alle framandspråka her

Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring

Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særlig på yrkesfaglige utdanningsprogram. Kjønnsskilnadane er særlig store på programområdane bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og helse og oppvekstfag. Bygg- og anleggsteknikk og elektrofag har begge over 90 prosent gutar. Helse- og oppvekstfag har 84 prosent jenter. 

Framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn som tek samisk som førstespråk

Dei siste tre åra har ein større del av elevane tatt samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk. I år er det ein liten auking i andelen som  tek samisk som andrespråk, mens det er litt færre som tek samisk som førstespråk samanlikna med i fjor. 

Sjå meir statistikk om elevar som tek samiske språkfag her

Færre vel realfag

Av dei som begynner på Vg2 studiespesialisering, vel 41 prosent realfag. Tilsvarande del i fjor var 42 prosent.

Samanlikna med i fjor er det ein nedgang i elevtalet i 13 av 19 programfag innan realfag. Elevtalet aukar mest i biologi 2 og går mest ned i fysikk 1. Det er størst prosentvis nedgang i teknologi og forskingslære 2, geofag X og geofag 2. Desse går ned med høvesvis 22 og 18 og 17 prosent.

Delen elevar på studieførebuande utdanningsprogram som vel teoretisk matematikk framfor praktisk matematikk på Vg1, går òg ned frå 50,1 prosent i fjor til 47,7 prosent i år. 

Sjå tala for dei ulike realfaga her

Om statistikken - endringar frå i fjor

Kunst, design og arkitektur, tidligare studiespesialisering med formgiving, er frå og med i år eit eiget studieførebuande utdanningsprogram. Medium og kommunikasjon var tidligare eit yrkesfaglig utdanningsprogram. Dette har nå blitt eit studieførebuande utdanningsprogram.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!