Fagval i vidaregåande opplæring 2020–21

Her finn du ei oversikt over elevane sine val av utdanningsprogram, programområde og fag i vidaregåande opplæring skuleåret 202021. Det ser ikkje ut til at koronasituasjonen i 2020 har påverka kva for utdanningsprogram elevane starta på. Dette kan henge saman med at elevane søkte før viruset for alvor kom til Noreg. 

Det er i overkant av 188 000 elevar i vidaregåande skolar per 1. oktober 2020. Desse elevane fordeler seg på 415 skolar. Talet på elevar og skolar endrar seg lite frå året før.

Hovedfunn

  • Nær halvparten av elevane på Vg1 startar på eit yrkesfagleg utdanningsprogram.
  • Studiespesialisering er størst av dei studieførebuande programma, mens helse- og oppvekstfag er størst blant dei yrkesfaglege programma.
  • Elevtalet på realfag har auka med 2 170 elevar, som tilsvara ein auking på 2 prosent.
  • Det er framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk
  • Det er framleis store kjønnsskilnader i val av utdanningsprogram. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og datateknologi har 90 prosent gutar eller meir. 

Nær halvparten starta på yrkesfagleg utdanningsprogram

Nær halvparten av elevane som starta på Vg1 på ein vidaregåande skole hausten 2020, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram (49 prosent). Av figuren nedanfor ser vi at delen på yrkesfag gjekk svakt nedover frå 201112 til 201415, for så gradvis å auke fram til i dag.

Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 37 prosent av elevane på Vg1. Det svarer til nærmare 3 av 4 elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, med 14 prosent av alle elevar. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, starta 28 prosent på helse- og oppvekstfag.

Elevtalet på ulike program er stabilt

Delen av elevar på dei ulike yrkesfaglege utdanningsprogramma held seg stabilt. Det har vært en auking i talet på elevar som går på helse- og oppvekstfag sidan 201415. Teknologi og industrifag er på veg opp igjen etter nedgangen for et par år sidan.
Det ser ikkje ut til at koronasituasjonen i 2020 har påverka kva for utdanningsprogram elevane starta på. Dette kan henge saman med at elevane søkte før viruset for alvor kom til Noreg. Vi vet frå tidlegare kriser, som finanskrisa i 2008, at søkninga til enkelte utdanningsprogram vart påverka. Søkertala for neste skoleår publiserast våren 2022, og vi veit da meir om koronapandemien har påverka elevanes søkemønster.

Helsearbeidarfag er det største programområdet på yrkesfag

Omlag 4 000 elevar går på helsearbeidarfag på Vg2, det største programområdet innanfor yrkesfaga. Barne- og ungdomsarbeidarfag, elenergi og ekom, byggteknikk, industriteknologi og sal, service og sikkerheit er populære programområde blant yrkesfaga.

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande

På Vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande utdanningsprogram vel 56 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 42 prosent vel programområdet realfag. Dei resterande 3 prosentane vel ikkje fag i Vg2 fordi dei går på STUSP2 – Studiespesialisering, som er ein linje på enkelte privatskular. 

Liten auking av elevar som vel realfag

Elevtalet på realfag har auka med 2 170 elevar, som er ein auking på 2 prosent. Samanlikna med i fjor er det ein auking i elevtalet på 11 av 19 programfag innan realfag. Elevtalet aukar mest i matematikk S1, med nesten 1 000 fleire elevar. Det er størst prosentvis auking i geofag X, som aukar med 37 prosent. Elevtalet går mest ned i kjemi 2. Det er størst prosentvis nedgang i teknologi og forskingslære X med 42 prosent.

Framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk

Dei siste åra har ein større del av elevane tatt samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk. 62 prosent av elevane tek samisk som andrespråk, mens 38 prosent tek samisk som førstespråk. Forskjellen har blitt større dei siste åra.

Kjønnstypiske utdanningsval 

Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særs i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Kjønnsskilnadane er særs store på programområdane bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og datateknologi har 93 prosent gutar. Helse- og oppvekstfag har 82 prosent jenter.

Ny tilbodsstruktur for yrkesfaglege utdanningsprogram

Frå skoleåret 2020–21 utvidast yrkesfaglege utdanningsprogram frå åtte til ti. Det er fire nye utdanningsprogram på Vg1. To utdanningsprogram skal leggje ned og har ikkje et tilbudd på Vg1, men elever som allereie er i gang med disse går på disse løpet ut, og har dermed elevar til Vg2, Vg3.

Slik blir utdanningsprogramma frå 2020 – dei nye i kursiv:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektro
  • Helse- og oppvekstfag
  • Naturbruk
  • Restaurant og matfag
  • Teknikk og industriell produksjon
  • Design og tradisjonshandverk
  • IKT og medieproduksjon
  • Sal, service og reiseliv
  • Frisør, blomster- og interiørdesign

Disse utdanningsprogramma er ikkje lenger aktive på Vg1 frå 202021:

  • Design og handverk
  • Service og samferdsel

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!