Fagval i vidaregåande opplæring 2019/20

Det er nærmare 187 000 elevar på 413 vidaregåande skolar. I tillegg er det til saman 146 elever ved 3 norske skolar i utlandet.

Dette er ei oversikt over elevane sine val av utdanningsprogram, programområde og fag i vidaregåande opplæring skoleåret 2019/20.

Det er nærmare 187 000 elevar i vidaregåande skolar per 1. oktober 2019. Desse elevane fordeler seg på 413 skolar. Talet på elevar og skolar endrar seg lite frå året før. Nedanfor beskriv vi nokre av dei viktigaste funna i oversikta over korleis elevane fordeler seg på utdanningsprogram, programområde og fag i 2019/20. I tillegg er det til saman 146 elever ved 3 norske skolar i utlandet.

Nokon hovudfunn:

  • Nær halvparten starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Studiespesialisering er størst av dei studieførebuande programma, mens helse- og oppvekstfag er størst blant dei yrkesfaglege programma.
  • Elevtalet på realfag har gått ned med 655 elevar, som tilsvara ein nedgang på 1 prosent
  • Framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn som tek samisk som førstespråk
  • Framleis store kjønnsskilnader i val av utdanningsprogram. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag har 94 prosent gutar.

Nær halvparten startar på yrkesfagleg utdanningsprogram

Det finst tretten ulike utdanningsprogram elevane kan søkje seg inn på: fem studieførebuande og åtte yrkesfaglege. Nær halvparten av elevane som starta på Vg1 på ein vidaregåande skole hausten 2019, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram (49%). Av figuren nedanfor ser vi at delen som begynte på yrkesfag i Vg1 gjekk svakt nedover frå 2012/13 til 2014/15, for så å gradvis auke fram til i dag.


Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 38 prosent av elevane på Vg1. Det tilsvara nærmare 3 av 4 elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, med 14 prosent av alle elevar. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, starta 28 prosent på helse- og oppvekstfag.

Helsearbeidarfag er det største programområdet på yrkesfag

Omlag 4 000 elevar går på helsearbeidarfag på Vg2, det største programområdet innanfor yrkesfaga. Barne- og ungdomsarbeidarfag, elenergi, byggteknikk og sal, service og sikkerheit er populære programområde blant yrkesfaga. Industriteknologi er også et av dei mest populære programområdane. Industriteknologi har hatt en jamn nedgang dei siste åra, men har ein liten auking frå i fjor.

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande

På Vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande utdanningsprogram vel 56 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 42 prosent vel programområdet realfag. (Dei resterande 3 prosentane val ikkje fag i Vg2 fordi dei går på STUSP2 – Studiespesialisering, som er ein linje på enkelte privatskular.)

Nedgang blant elevar som vel realfag

Elevtalet på realfag har gått ned med 655 elevar, som tilsvara ein nedgang på 1 prosent. Samanlikna med i fjor er det ein nedgang i elevtalet på 13 av 19 programfag innan realfag. Elevtalet aukar mest i Teknologi og forskingslære 1. Det er størst prosentvis auking i geofag 2, som har over dobbelt så mange elevar i år samanlikna med i fjor. Elevtalet går mest ned i kjemi 2 frå i fjor.

99 prosent av elevane på framandspråk tek spansk, tysk eller fransk

Delen av elevar på framandspråka spansk, tysk og fransk på fellesfag er høvesvis 44, 42 og 13 prosent. Dei fleste elevane som tek framandspråk, er registrerte på fellesfag. Det er berre 3 prosent som tek dette som eit programfag.

Framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn som tek samisk som førstespråk

Dei siste seks åra har ein større del av elevane tatt samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk. 60 prosent av elevane tek samisk som andrespråk, mens 40 prosent tek samisk som førstespråk skoleåret 2019/20.

Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring

Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særs i dei  yrkesfaglege utdanningsprogramma. Kjønnsskilnadane er særs store på programområdane bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag har 94 prosent gutar. Helse- og oppvekstfag har 81 prosent jenter.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!