Fagval i vidaregåande opplæring 2018/19

Her finn du ei oversikt over elevane sine val av utdanningsprogram, programområde og fag i vidaregåande opplæring skuleåret 2018/19. 

Det er nærmare 188 500 elevar i vidaregåande skolar per 1. oktober 2018. Desse elevane fordeler seg på 415 skolar. Talet på elevar og skolar endrar seg lite frå året før. Nedanfor beskriv vi nokre av dei viktigaste funna i oversikta over korleis elevane fordeler seg på utdanningsprogram, programområde og fag i 2018-19.

Nokon hovudfunn:

  • Studiespesialsering er størst av dei studieførebuande programma, mens helse- og oppvekstfag er størst blant dei yrkesfaglige programma.
  • Elevtalet på realfag har gått ned med 2 760 elevar, noe som tilsvara ein nedgang på 2 prosent
  • Framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn som tek samisk som førstespråk
  • Framleis store kjønnsskilnader i val av utdanningsprogram. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon har 90 prosent gutar eller meir

Nær halvparten startar på yrkesfagleg utdanningsprogram

Det finst tretten ulike utdanningsprogram elevane kan søkje seg inn på: fem studieførebuande og åtte yrkesfaglege. Nær halvparten av elevane som starta på Vg1 på ein vidaregåande skole hausten 2018, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

Ein stor del av elevane som starta på eit studieførebuande utdanningsprogram, starta på studiespesialisering. Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 38 prosent av elevane på Vg1. Det tilsvara nærmare 3 av 4 elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, starta 28 prosent på helse- og oppvekstfag.

Helsearbeidarfag er det største programområdet på yrkesfag

Omlag 4 000 elevar går på helsearbeidarfag på Vg2, det største programområdet innanfor yrkesfaga. Barne- og ungdomsarbeidarfag, elenergi, byggteknikk og sal, service og sikkerheit er populære programområde blant yrkesfaga. Industriteknologi er også et av dei mest populære programområdane, men har hatt en jamn nedgang dei siste åra.

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande

På Vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande utdanningsprogram vel 55 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 42 prosent vel programområdet realfag.Tilsvarande del i fjor var 41 prosent. 

Auking blant elevar på religion og etikk

Elevtalet på religion og etikk har auka frå 32 711 til 35 311 elevar. Dette tilsvara ein auking i elevtalet på 8 prosent eller 2 600 elevar. 

Denne aukinga skyldas nok at det i år, for fyste gang, er elevar på medier og kommunikasjon studieførebuande program Vg3. Dette er et fag som berre finnast på Vg3. Det er 2 224 elevar og desse elevane har no religion og etikk som obligatorisk fag, noe dei ikkje hadde tidligare.

Nedgang blant elevar som vel realfag

Elevtalet på realfag har gått ned med 2 760 elevar, noe som tilsvara ein nedgang på 2 prosent. Samanlikna med i fjor er det ein nedgang i elevtalet på 13 av 19 programfag innan realfag. Elevtalet aukar mest i informasjonsteknologi 2. Det er også dette faget det er størst prosentvis auking med 17 prosent. Elevtalet går mest ned i matematikk R1 frå i fjor. Det er størst prosentvis nedgang i geofag 2 med 27 prosent.

Sjå tala for dei ulike programfaga innan realfag

Størst nedgang innanfor medier og kommunikasjon

Elevtalet på medier og kommunikasjon på Vg1 går ned med 10 prosent frå i fjor, som tilsvara 263 elevar.

Bygg- og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon er de programma som aukar mest frå i fjor. Elevtalet på Vg1 auka med om lag 6 prosent, som tilsvara høvesvis 266 og 318 elevar. Bygg- og anleggsteknikk har auka dei siste åra, mens teknikk og industriell produksjon har gått ned dei tidlegare åra.

99 prosent av elevane på framandspråk tek spansk, tysk eller fransk

Andelen elevar på framandspråka spansk, tysk og fransk på fellesfag er høvesvis 43, 41 og 15 prosent. Dei fleste elevane som tek framandspråk, er registrerte på fellesfag. Det er berre 3 prosent som tek dette som eit programfag.

Sjå tala for alle framandspråka

Framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn som tek samisk som førstespråk

Dei siste tre åra har ein større del av elevane tatt samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk. 57 prosent av elevene tek samisk som andrespråk, mens 43 prosent tek samisk som førstespråk.

Sjå meir statistikk om elevar som tek samiske språkfag her

Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring

Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særs i dei  yrkesfaglege utdanningsprogramma. Kjønnsskilnadane er særs store på programområdane bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon har 90 prosent gutar eller meir. Helse- og oppvekstfag har 81 prosent jenter.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!