Hovudfunn om fagval i vidaregåande 2017-18

Her finn du ei oversikt over elevane sine val av utdanningsprogram, programområde og fag i vidaregåande opplæring skoleåret 2017-18. 

Det er nærmare 190 000 elevar i vidaregåande skolar per 1. oktober 2017. Desse elevane fordeler seg på 415 skolar. Talet på elevar og skolar endrar seg lite frå året før. Nedanfor beskriv vi nokre av dei viktigaste funna i oversikta over korleis elevane fordeler seg på utdanningsprogram, programområde og fag i 2017-18.

Nær halvparten startar på yrkesfagleg utdanningsprogram

Det finst tretten ulike utdanningsprogram elevane kan søkje seg inn på: fem studieførebuande og åtte yrkesfaglege. Nær halvparten av elevane som starta på ein vidaregåande skole hausten 2017, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

Ein stor del av elevane som starta på eit studieførebuande utdanningsprogram, starta på studiespesialisering. Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 39 prosent av elevane på Vg1. Det tilsvara nærmare 3 av 4 elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, starta 28 prosent på helse- og oppvekstfag.

Helsearbeidarfag er det største programområdet på yrkesfag

Omlag 3 800 elevar går på helsearbeidarfag på Vg2, det største programområdet innanfor yrkesfaga. Barne- og ungdomsarbeidarfag, elenergi, byggteknikk og sal, service og sikkerheit er også særs populære programområde blant yrkesfaga. Industriteknologi er også  et av dei mest populære programområdane, men har hatt en jamn nedgang dei siste åra.

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande

På Vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande vel 56 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 41 prosent vel programområdet realfag. Tilsvarande del i fjor var 40 prosent. Dei resterande 3 prosentane val ikkje fag i Vg2 fordi dei går på STUSP2 – Studiespesialisering, som er ein linje på enkelte privatskular. 

Liten auking blant elevar som vel realfag

Samanlikna med i fjor er det ein auking i elevtalet på 12 av 19 programfag innan realfag. Elevtalet aukar mest i matematikk R1 og går mest ned i fysikk 2. Det er størst prosentvis auking i teknologi og forskingslære 2, med 12 prosent. Det er størst prosentvis nedgang i matematikk X og teknologi og forskingslære X. Desse går ned med høvesvis 21 og 12 prosent.

Sjå tala for dei ulike realfaga

Størst nedgang innanfor design og handverk og restaurant- og matfag

Elevtalet på design og handverk og restaurant- og matfag på Vg1 går ned med høvesvis 9 og 8 prosent frå i fjor.

Naturbruk er det programmet som aukar mest frå i fjor. Elevtalet på Vg1 auka med om lag 8 prosent, som tilsvara 157 elever. Vi har sett ei auking i naturbruk dei siste åra.

99 prosent av elevane på framandspråk tek spansk, tysk eller fransk

Andelen elever på framandspråka spansk, tysk og fransk på fellesfag er høvesvis 43, 40 og 15 prosent. Dei fleste elevane som tek framandspråk, er registrerte på fellesfag. Det er berre 2 prosent som tek dette som eit programfag.

 

Sjå tala for alle framandspråka

Framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn som førstespråk

Dei siste tre åra har ein større del av elevane tatt samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk. I år er det ei lita auking i andelen som tek samisk som førstespråk, mens det er litt færre som tek samisk som andrespråk samanlikna med i fjor.

 

Sjå meir statistikk om elevar som tek samiske språkfag her

Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring

Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særs i dei  yrkesfaglege utdanningsprogramma. Kjønnsskilnadane er særs store på programområdane bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon har over 90 prosent gutar. Helse- og oppvekstfag har 82 prosent jenter.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!