Sluttrapport

Mot ei betre rådgivingsteneste

Rådgivinga i skolen i Noreg utviklar seg utan tvil i rett retning, men utviklinga skjer med ulik fart. Dette er hovudkonklusjonen frå SINTEFs evaluering av rådgivingstenesta.

SINTEF finn at mange kommunar har teke grep og innført nye arbeidsformer og organisasjonsformer som har heva kvaliteten på rådgivingstenesta. Andre stader finn forskarane at elevar opplever møtet med rådgiving i skolen lik det elevane opplevde på 1970-talet. 

Positive til endringar i opplæringslova

Ifølgje rapporten blir presiseringa av reglane i opplæringslova om rådgiving i skolen frå 2009 opplevd som eit framsteg.

SINTEFs inntrykk er at dei fleste opplever det som ei støtte i arbeidet at instruksen forklarer meir detaljert kva god rådgiving skal vere, og at rettane til elevane har blitt tydelegare.

Betre tilbod om etter- og vidareutdanning for rådgivarar

Tilbodet om etter- og vidareutdanning for rådgivarar har blitt betydeleg betre, og mange skoleeigarar har oppfordra rådgivarane sine til å nytte seg av dette. Fleire tilbod er no tilrettelagde slik at dei kan kombinerast med fast jobb. Rådgivarane som har gjennomført slike studium, vurderer det stort sett som relevant og nyttig for arbeidet. Tilboda kan likevel bli betre når det gjeld geografisk tilgjengelegheit, økonomi og lokal tilpassing. 

Rådgivingstenesta opplever mangel på ressursar

Rådgivarressursen blir i dag opplevd som for liten i forhold til dei auka forventingane til tenesta. Arbeidsoppgåvene blir stadig større og meir krevjande, samtidig som ressursen har vore uendra i svært lang tid. Å finne tid til gode rådgivartiltak er ei utfordring, fordi det så lett kjem i konflikt med den retten elevane har til timar i basisfag.

Rådgiving må vere ei oppgåve for skolen 

Dei fleste informantane meiner at rådgiving bør vere ei oppgåve for skolen, organisert og forankra på den enkelte skolen. SINTEF gjer greie for den sentrale rolla faglærarar og kontaktlærarar har i rådgivinga, og viser kor viktig det er at rådgivinga blir forankra i leiinga på skolen.  

Tett samarbeid mellom sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving er ein føresetnad for å lykkast med rådgivinga i skolen. Det blir ikkje sett på som eit godt alternativ å flytte rådgivinga ut av skolen, sjølv om nokre av våre informantar meiner at dette kunne styrkje det faglege grunnlaget for rådgivinga.

Gode nettverk og partnarskap er nyttig

Gode nettverk er viktige i arbeidet, og rådgiving i skolen må inngå i varige, forpliktande nettverk med andre aktørar. Nettverk gir tilgang til nye ressursar, nye lærings-/rådgivingsarenaer, rollemodellar og kompetanse på ulike område.

Elevane vel kjønnstradisjonelle fag

Elevane vel i svært stor grad utdanning og yrke etter kjønnsspesifikke skiljelinjer. Dette gjeld spesielt for yrkesfaga. SINTEF finn at vala har blitt meir tradisjonelle i løpet av dei siste ti åra, og at effekten ein såg av prosjektet Bevisste utdanningsvalg, nå har forsvunne.

Dei fleste meiner at kjønn bør vere ein viktig dimensjon i rådgivinga, men opplever samtidig at dei har lita påverknadskraft, og at vala til dei unge er påverka av ting som ligg utanfor rekkjevidda til rådgivaren. 

Oppfølgingstenesta er prega av mangfald

Evalueringa viser at organiseringa av Oppfølgingstenesta framleis er prega av stort mangfald. Det er delte meiningar om Oppfølgingstenesta skal leggjast til den enkelte skolen eller organiserast utanfor skolen.

Oppfølgingstenesta har framleis utfordringar med å oppnå kontakt med og få oversikt over målgruppa som kjem inn under Oppfølgingstenesta sitt ansvar. Tenesta har også utfordringar når det gjeld å sikre tilgang til og koordinere tiltak for målgruppa.