Informasjon på nynorsk

Informasjon til foreldre om Foreldreundersøkinga i barnehagen.

Kva er Foreldreundersøkinga i barnehagen?

Føremålet med undersøkinga er å gje foreldre ei moglegheit til å seie si meining om korleis dei opplever barnehagetilbodet og om korleis barna trivst i barnehagen. Undersøkinga vil gje barnehagen og barnehageeigaren kunnskap om kor nøgde foreldra er med barnehagetilbodet.

Foreldreundersøkinga i barnehagen gjev deg ei moglegheit til å seie di meining om korleis barnet trivst, samarbeidet mellom heimen og barnehagen og andre tilhøve som gjeld barnehagen. Undersøkinga skal først og fremst brukast til å gjere barnehagen betre. Resultata dannar grunnlag for dialog mellom barnehagen og foreldra om tilbodet i barnehagen.

Det er barnehagen som sender ut undersøkinga. Det er frivillig å delta i undersøkinga, men vi håpar at du vil svare, slik at du kan hjelpe barnehagen til å bli betre. Dersom det er spørsmål du ikkje vil svare på, kan du hoppe over dei.

Undersøkinga har om lag 30 spørsmål, og det tek om lag 5 minutt å svare på dei.

Vi tek godt vare på svara dine

Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at alle personopplysningane som blir innsamla, blir behandla i tråd med krava i personopplysningslova (GDPR). Det gjeld svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkingane til barnehagane sjølve, til barnehageeigarar og til dei statlege utdanningsstyresmaktene. Svaralternativ med få svar blir ikkje viste. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte attkjenning av personar som har svart.

Barnehagen kan ikkje sjå kven som har svart kva. Når undersøkinga er avslutta, blir koplinga mellom svara dine og namnet ditt hos databehandlaren kutta. Data frå undersøkinga skal aldri bli offentleg publiserte på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att svara til dei einskilde føresette.

Resultata frå undersøkinga kan òg brukast i statistikk som blir utarbeidd i Utdanningsdirektoratet, og dei kan bli brukte i kommunen/statsforvaltaren sitt arbeid med kvalitetsutvikling i barnehagen. Delar av resultata blir publiserte som statistikk på barnehagefakta.no og på Udir sine statistikksider. Når grunnlagsdata skal utleverast til forskingsføremål blir forskarane pålagde å følgje direktoratet sine reglar for konfidensialitet, og dei må skrive under på ei teieplikterklæring.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med barnehagen din for meir informasjon. Du finn òg mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser. Den behandlingsansvarlege er Utdanningsdirektoratet: post@udir.no. Du kan òg ta kontakt med personvernombodet i Utdanningsdirektoratet på personvernombud@udir.no.