Hopp til hovedinnhold
logologo
  • Høyringar
  • Kalender
  • Presse
  • Om Udir
  • In English
    • Velg nivå

      • Barnehage
      • Grunnskole
      • Videregående
    • Spesielt for

      • Private barnehager
      • Private skoler
      • Voksenopplæring
    • Annen opplæring

      • SFO
      • Kulturskolen
      • Folkehøgskoler
    • Barnehage

      • Rammeplan og støttemateriell
      • Barnehagemiljø
      • Omsorg
      • Lek
      • Læring
    • Skole og fagopplæring

      • Læreplanverket
      • Tilpasset opplæring
      • Vurderingspraksis
      • Skolemiljø
      • Opplæring i bedrift
      • Fravær
    • Temasider

      • Overganger
      • Minoritetsspråklige og nyankomne
      • Spesialpedagogikk
      • PP-tjenesten (PPT)
      • Samisk
      • Nasjonale minoriteter
    • Eksamen

      • Eksamen - oversikt
      • Finn eksamensoppgaver
      • Administrere eksamen
      • Forberede og ta eksamen
      • Muntlig eksamen
      • Privatisteksamen
    • Prøver

      • Prøver - oversikt
      • Nasjonale prøver
      • Kartleggingsprøver
    • Dokumentasjon

      • Vitnemål og kompetansebevis
      • Realkompetansevurdering
    • Kvalitet

      • Arbeid med kvalitet og kompetanse
      • Sikkerhet og beredskap
      • Ståstedsanalyser
      • Læremidler
      • Samarbeid med andre
    • Kompetansetilbud

      • Endringer kompetanseutvikling
      • Videreutdanning
      • Tilskudd for lokal kompetanseutvikling
      • Kompetansepakker
      • Alle kompetanseutviklingstilbud
    • Digitalisering

      • Digitalisering i skolen
      • Kunstig intelligens i skolen
      • Mobiler og smartklokker i skolen
    • Tall og forskning

      • Forskning og annet kunnskapsgrunnlag
      • Statistikk
      • Finn forskning og statistikk
      • Systemer for datainnsamling
      • Internasjonale studier
      • Barnehagefakta
      • Grunnskolens informasjonssystem (GSI)
    • Publikasjoner

      • Vetuva
      • Spørsmål til Skole-Norge
      • Spørsmål til Barnehage-Norge
      • Utdanningsspeilet
    • Brukerundersøkelser

      • Alle brukerundersøkelser
      • Elevundersøkelsen
      • Lærlingundersøkelsen
      • Foreldreundersøkelsen i barnehage
    • Regelverkstema

      • Barnehage – oversikt regelverk
      • Opplæring – oversikt regelverk
      • Spesielt for private skoler
      • Maler
      • Personvern (GDPR)
    • Tilsyn

      • Tilsyn - oversikt
      • Melde bekymring
    • Tilskudd

      • Tilskudd – oversikt
      • Tilskuddssatser

Du er her:

  • Forside
  • Regelverk og tilsyn
  • Skole og opplæring
  • Opplæringsloven
  • § 4-3 Krav om forsvarleg skyss og rett til losji der skyss ikkje er forsvarleg

Opplæringslova

  • Til første side

§ 4-3 Krav om forsvarleg skyss og rett til losji der skyss ikkje er forsvarleg

Elevar har berre rett til skyss etter § 4-1 dersom dagleg skyss er forsvarleg.

Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til eleven og kor lang og farleg skolevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære.

Er fylkeskommunen i tvil om dagleg skyss er forsvarleg, avgjer foreldra om eleven likevel skal skyssast.

Elevar som ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har rett til losji. Elevane har også plikt til å la seg innlosjere om ikkje foreldra sørgjer for skyss og dekkjer kostnadene.

Kommunen skal sørgje for losji og ha tilsyn med innlosjerte elevar.

Vis på Lovdata.no

Forarbeid til loven

Paragrafen vidarefører dagens § 7-1 fjerde ledd og er omtalt i punkt 37  i Prop. 57 L (2022–2023).

Første ledd slår fast den øvre grensa for rett til skyss. Dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har ikkje eleven rett til skyss sjølv om resten av vilkåra er oppfylte. Det er fylkeskommunen som avgjer om dagleg skyss er forsvarleg.

I andre ledd er det gitt føringar for kva moment fylkeskommunen skal vurdere, og kor mykje vekt momenta har. Lista er ikkje uttømmande. Moment med særleg vekt er alder, funksjonsevne og kor lang og farleg eller vanskeleg skolevegen er. Kostnader og vanskar for fylkeskommunen kan berre takast med i vurderinga dersom dei er ekstraordinære.

Vurderinga av om dagleg skyss er forsvarleg, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.

Tredje ledd fastset at foreldra skal avgjere om eleven skal skyssast eller innlosjerast dersom fylkeskommunen er i tvil om dagleg skyss er forsvarleg.

Det følgjer av fjerde ledd at dersom eleven ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, skal kommunen gjere vedtak om losji for eleven. Retten til losji omfattar ikkje utgifter til kost. Regelen inneber både ein rett og ei plikt til å la seg innlosjere. Plikta er likevel ikkje absolutt, og kommunen kan ikkje vedta innlosjering mot foreldra sin vilje så framt foreldra sørgjer for og dekkjer kostnadane til skyss sjølve.

Tilsynsplikta etter femte ledd inneber at kommunen må sørgje for det tilsynet som er nødvendig gitt alderen og føresetnadane elevane har til å greie seg sjølve.

Neste side
Forrige side

Relatert innhold

Rundskriv om skyss

Til toppen
  • Kontakt
  • Tlf: 23 30 12 00
  • Abonner på siste nytt
  • Personvernerklæring
  • Tilgjengelighetserklæring