Opplæringslova
§ 3-4 a Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring
Den som har utanlandsk fag- eller yrkesopplæring, kan søke departementet om å få ei godkjenning av opplæringa. Slik godkjenning inneber at opplæringa blir sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev eller vitnemål. Opplæringa er sidestilt når ho har same nivå og omfang som den norske vidaregåande opplæringa og inneheld mange av dei vesentlege elementa i det aktuelle faget.
Departementet kan gi forskrift om vilkår for godkjenning, saksbehandling og klage.
Føyd til med lov 17 juni 2016 nr. 67 (ikr. 1 aug 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 673), endra med lover 11 juni 2021 nr. 81 (ikr. 1 aug 2021 iflg. res. 18 juni 2021 nr. 1972), 17 juni 2022 nr. 68 (i kraft 1 jan 2023 iflg. res. 17 juni 2022 nr. 1067).