Opplæringslova
§ 13-7 Skolefritidsordninga
Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.
Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.
Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om
- eigarforhold
- kven som er opptaksmyndigheit
- opptakskriterium
- opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen
- foreldrebetaling
- leike- og opphaldsareal
- dagleg opphaldstid og årleg opningstid
- bemanning og leiing
Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere leiar. Departementet kan gjere unntak frå kravet.
Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.
For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.
Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, dersom dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen fører tilsyn med private skolefritidsordningar.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om skolefritidsordninga.
Endra med lover 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003 iflg. res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010 iflg. res. 25 juni 2010 nr. 982), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 639).