Opplæringslova
§ 11-5 Skoleutval ved vidaregåande skolar
Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval med representantar for dei tilsette og fylkeskommunen og to representantar valde av elevrådet. Rektor ved skolen skal vere representant for fylkeskommunen.
Skoleutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.
Fylkeskommunen kan nemne opp skoleutvalet som styre for skolen etter kommuneloven § 5-10 og § 10-8. Dersom fylkeskommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn skoleutvalet, skal minst to representantar for elevrådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar eller tilsette kan ha fleirtal i styret aleine.
Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.
Endra med lover 16 apr 1999 nr. 18 (ikr. 1 juli 1999 iflg. res. 16 apr 1999 nr. 388), 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879).