Forskrift til opplæringslova
§ 9-4 Røystinga
Kommunen skal fastsetje tid og stad for røysting og syte for innkalling av dei røysteføre med minst 4 vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om
- kva røystinga gjeld
- kven som har røysterett
- tid og stad for røysting
- tid og stad for førehandsrøysting.
Så langt råd er, skal røystinga haldast på ei tid som høver for dei røysteføre. Røystinga skal vere skriftleg. Resultatet av røystinga er rådgivande, og kjem fram ved vanleg fleirtal.
Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades ved røystinga, har rett til å røyste på førehand.