Forskrift til opplæringslova
§ 6A-6 Formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar
Ungdom og vaksne kan søkje om læreplass i eit lærefag som byggjer på utdanningsprogrammet eller programområdet, jf. opplæringsordninga som er fastsett for faget i læreplanverket. Elevar og vaksne som er tekne inn til utdanningsprogram som avvik frå hovudmodellen, søkjer om formidling til læreplass på det tidspunktet som følgjer av læreplanverket.
Fylkeskommunen pliktar å formidle søkjarane med ungdomsrett til lærebedrifter det er inngått avtaler om læreplass med. Lærebedrifta avgjer kven ho inngår lærekontrakt med. Fylkeskommunen kan tilby læreplass i eige fylket eller i eit anna fylke.
Bedrifta kan stille krav til lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten på grunn av verksemda i bedrifta, mellom anna på grunn av produksjon, utstyr, kundebehandling og liknande. Krava skal ikkje vere diskriminerande.
Det skal teiknast lærekontrakt mellom lærlingen og bedrifta eller opplæringskontrakt mellom praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og bedrifta, jf. opplæringslova § 4-5.
Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrifter 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017), 1 nov 2017 nr. 1706.