Forskrift til opplæringslova
§ 6A-1 Verkeområde og vilkår for formidling til læreplass som lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat
Dette kapitlet regulerer formidling til læreplass som lærling, praksisbrevkandidat og lærekandidat for opplæring i bedrift etter opplæringslova kapittel 4.
Han eller ho som blir formidla, skal takast inn til vidaregåande opplæring på det aktuelle trinnet i samsvar med kapittel 6. Enkeltvedtaket om inntak skal fastsetje kva for utdanningsprogram og programområde søkjaren er teken inn til.
Søkjarar til læreplass som lærling må oppfylle vilkåra for inntak til neste trinn for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Dette inneber mellom anna at søkjaren må ha bestått faga innanfor programområdet på Vg2, jf. § 6-28, for å kunne formidlast til Vg3, eller ha faglege føresetnader for å følgje opplæringsåret på neste nivå, jf. § 6-37.
Søkjarar til læreplass som lærekandidat må ha bestått sitt opplæringsløp mot planlagd grunnkompetanse for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Søkjarar som har gjennomført, men ikkje bestått faga innanfor utdanningsprogrammet på Vg1 og programområdet på Vg2, kan òg søkje formidling som praksisbrevkandidat og lærekandidat.
Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrifter 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017), 1 nov 2017 nr. 1706.