Forskrift til opplæringslova
§ 6-47 Krav til saksbehandling for vaksne med rett til vidaregåande opplæring
Vaksne kan søkje om inntak til vidaregåande opplæring uavhengig av fristane i § 6-8. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal gi eit tilbod innan rimeleg tid.
Fylkeskommunen skal gjere eit vedtak om inntak. I enkeltvedtaket skal fylkeskommunen ta stilling til følgjande:
- Om den vaksne har rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.
- Kva sluttkompetanse den vaksne får tilbod om, mellom anna kva programområde på Vg3 søkjaren kan takast inn til.
- Resultatet av realkompetansevurderinga.
- Opplæringstilbodet som den vaksne får.
Om fylkeskommunen gir den vaksne tilbod om ein annan sluttkompetanse enn den søkjaren ønskjer, må dette grunngivast i vedtaket.
Den vaksne har rett til å få avklart om han eller ho har rett til vidaregåande opplæring, å få vurdert realkompetansen sin og å få eit enkeltvedtak om vidaregåande opplæring innan rimeleg tid.