Forskrift til opplæringslova
§ 6-46 Realkompetansevurdering av vaksne med rett til vidaregåande opplæring ved inntak
Fylkeskommunen har plikt til å sørgje for at vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3 skal få kartlagt og vurdert realkompetansen sin, dersom dei ønskjer det. Resultatet av realkompetansevurderinga dannar grunnlag for opplæringstilbodet til den vaksne.
I realkompetansevurderinga skal fylkeskommunen vurdere om den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen til søkjaren kan godkjennast som likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring, jf. § 4-6. Den vaksne kan få godkjent heile eller delar av fag eller opplæringsår.
Opplæringa som den enkelte får tilbod om, skal tilpassast resultatet av realkompetansevurderinga. Den vaksne skal ikkje få tilbod om opplæring i heile fag som han eller ho har fått godkjent gjennom realkompetansevurderinga.
Realkompetansevurderinga er eit enkeltvedtak som det kan klagast på til statsforvaltaren, jf. § 5-1. I enkeltvedtaket skal følgjande gå klart fram:
- Kva den vaksne har fått godkjent.
- Rettsreglane som gjeld.
- Kva for opplysningar som er lagde til grunn i saka.
- Dei hovudomsyna som er vektlagde i skjønnsutøvinga ved vurderinga av realkompetansen til den vaksne, jf. forvaltingslova § 25.
Endra ved forskrifter 2 des 2019 nr. 1691 (i kraft 1 jan 2020), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021), 14 nov 2022 nr. 1959.