Forskrift til opplæringslova
§ 3-58 Særleg tilrettelegging av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, praksiskandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb så langt råd er.
Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.
Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).