Forskrift til opplæringslova
§ 3-47 Melding til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve
Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen, kandidaten for fagbrev på jobb eller eleven til fag- eller sveineprøva første gong. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten til kompetanseprøva eller praksisbrevprøva første gong. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten, kontrakten for fagbrev på jobb eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om ikkje fylkeskommunen har motteke melding til prøva to månader før kontraktstida er ute, skal dei ta kontakt med bedrifta/skolen.
Kandidatar for fagbrev på jobb skal, der det er fastsett i læreplanverket, ha bestått ein eksamen før lærebedrifta melder kandidaten til fag- eller sveineprøva.
Praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, må sjølve melde seg til fag- og sveineprøva til fylkeskommunen innan fristar fylkeskommunen fastset. Praksiskandidaten skal sjølv betale prøveavgifta. Praksiskandidatane skal før dei sender melding, ha bestått ein eksamen der dette er fastsett i læreplanverket.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).