Forskrift til opplæringslova
§ 3-44. Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis
For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.
I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.
I fag der det i læreplanverket er fastsett at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, skal eksamenskarakteren/eksamenskarakterane på høgaste nivå førast.
Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.
For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-14, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset. For privatistar skal berre eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i faget fell bort når privatisten får eksamenskarakteren ført på vitnemålet.
Elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, skal få ført på kompetansebeviset at dei er vurdert etter individuell opplæringsplan. Kompetansen til eleven skal dokumenterast i eit vedlegg til kompetansebeviset.
0 Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 9 april 2024 nr. 605.