Forskrift til opplæringslova
§ 3-30 Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.
Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).