Forskrift til opplæringslova
§ 3-12 Halvårsvurdering i fag
Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.
Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.
Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for elevar. Instruktøren skal gjennomføre halvårsvurderinga for lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).